Statsministerens program veke 6
Pressemelding | Nr: 16/22 | Dato: 05.02.2022 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Måndag 7. februar
Kl. 11.45: Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer dei nye lokala til Senter for helsefremjande tenester på Stovner i Oslo. Senteret er ei lågterskel kommunal helseteneste med mål om å fremje helse og førebyggje sjukdom. Stad: Stovner senter 3, Oslo.
Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.
Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeiderpartiet på partikontoret.
Pressekontakt er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no.
Tysdag 8. februar
Kl. 09.30: Statsministeren besøkjer batterifabrikken til Corvus Energy, som leverer batteripakkar til skip. Adresse: Sandbrekketoppen 30, Nesttun i Bergen.
Kl. 10.40: Statsministeren besøkjer Clara Venture Labs, som mellom anna har løysingar for låg- og nullutsleppsteknologi til store skip i form av brenselceller for fleire typar drivstoff. Adresse: Fantoftveien 38, Bergen.
Kl. 12.40: Statsministeren besøkjer BUP Nordhordland, som har innført vurderingssamtale for alle som vert vist til BUP, i tråd med Hurdalsplattforma. Adresse: Kvassnesvegen 44, Alver.
Kl. 14.15: Statsministeren besøkjer elevar som er med i prosjektet Guttas Campus på Ytrebygda skole. Adresse: Skagenvegen 38, Blomsterdalen i Bergen.
Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91191313, e-post the@smk.dep.no.
Onsdag 9. februar
Kl. 15.00: Noreg har lenge vore engasjert i globalt helsearbeid og har ei leiarrolle i den internasjonale pandemidugnaden ACT Akseleratoren, som skal sikre rettferdig fordeling av vaksinar og medisin mot covid-19.
Onsdag skal statsminister Gahr Støre, Sør-Afrikas president Ramaphosa og FNs generalsekretær Guterres ha ei digital lansering av ein ny kampanje for mobilisering av politisk støtte og finansielle bidrag til det globale pandemiarbeidet for å sikre likeverdig tilgang til vaksinar, testar og medisin.
Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.
Fredag 11. februar
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på One Ocean Summit i Brest i Frankrike. Han vil også besøkje den franske marinebasen i Brest.
Media som ønskjer å dekke besøket, må ta kontakt med pressekontakten så raskt som mogleg.
Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.