Statsministerens program veke 6

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 6. februar

Kl. 08.35: Statsminister Jonas Gahr Støre og landbruks- og matminister Sandra Borch deltek på markering av samefolkets dag hos Oslo Samiske skole og Nedre Bekkelaget skole i Oslo, der det mellom anna blir framføring av joik og flaggheising av det samiske flagget. Stad: Ormsundveien 2.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.

Kl. 09.30: Statsminister Jonas Gahr Støre taler på Atlanterhavskomiteen sin sikkerheitskonferanse i Universitetets aula i Oslo.

Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.

Kl. 10.30: Statsminister Jonas Gahr Støre og finansminister Trygve Slagsvold Vedum møter dei parlamentariske leiarane på Stortinget. Tema for møtet er arbeidet med fleirårig bidrag til Ukraina. Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet.

Statsministeren og finansministeren møter pressa i Vandrehallen i etterkant av møtet, om lag kl. 11.30.

Pressekontaktar er for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Anne Nordskog, telefon 97 53 09 48, e-post ano@smk.dep.no.

Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeiderpartiet på partikontoret på Youngstorget.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.

Tysdag 7. februar

Kl. 12.10: Statsminister Jonas Gahr Støre legg ned grunnsteinen på Campus Kristiansund. Adresse: Fosnagata 12, Kristiansund.

Kl. 13.00: Statsministeren besøkjer Kulturfabrikken. Adresse: Fosnagata 35, Kristiansund.

Kl. 13.35: Statsministeren besøkjer Atlanten videregåande skule. Adresse: Dalanveien 25, Kristiansund.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.

Fredag 10. februar

Kl. 12.00: Statsministeren leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Tema for møtet er den økonomiske situasjonen og tariffoppgjeret 2023.

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere mogleg for fotografar å arbeide ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 11.30.

Etter møtet, om lag kl. 14.00, vil møtedeltakarane vere tilgjengeleg for presse. Me ber om påmelding til rvi@smk.dep.no innan torsdag 9. februar kl. 14.00. For akkreditert presse er oppmøte seinast kl. 13.30. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Veke 7

Måndag 13. februar

Kl. 16.30: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Litauens president Gitanas Nausėda. Møtet finn stad i statsministerbustaden.

Tema for møtet er mellom anna krigen i Ukraina, sikkerheit og forsvar. Det vert fotomoglegheit ved møtestart. Presse som ønskjer å ta bilete blir bedt om å møte kl. 16.00 i Riddervoldsgate 2. Ta med gyldig pressekort og id.

Det blir eit pressemøte kl. 17.30. Oppmøte for pressefolk i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 17.00. Presse kan akkreditere seg til rvi@smk.dep.no innan måndag 13. februar kl. 14.00.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Helene Hoddevik Mørk, telefon 94 35 98 81, e-post hhm@smk.dep.no.

Fredag 17. og laurdag 18. februar

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på den årlege sikkerheitskonferansen i München. Statsministeren deltek saman med utanriksminister Anniken Huitfeldt, utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim, forsvarsminister Bjørn Arild Gram og klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Fristen for akkreditering er gått ut.

Pressekontaktar er for statsministeren er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.