Statsministerens program veke 6

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Laurdag 3. februar

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på opninga av Bodø2024 – Europeisk kulturhovudstad.

Kl. 12.25: Statsminister Jonas Gahr Støre og kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery har ein samtale med representantar for samisk kultur under Bodø2024. Adresse: Samisk møteplass i Glasshuset, Storgata 16.

Kl. 14.00: Statsministeren er til stades på ei mottaking i regi av Bodø kommune og Nordland fylkeskommune på Stormen bibliotek, Storgata 1 A.

Kl. 16.15: Statsministeren deltek på den offisielle opninga av Bodø2024 på Stormen konserthus, Storgata 1 B. Statsministeren taler om lag kl. 16.55.

Kl. 18.30: Statsministeren er til stades på opningsshow i Bodø hamn.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Pressekontakt for kulturministeren er Wenche Stadven Nybo, telefon 91 62 51 86, e-post Wenche-Stadven.Nybo@kud.dep.no

Måndag 5. februar

Kl. 09.00 Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Leangkollen sikkerheitskonferanse «NATO 75 - Past, Present and Future». Statsministeren skal halde opningsinnlegget om norsk forsvars- og sikkerheitspolitikk. Statsministeren vil vere tilgjengeleg for pressa kl. 09.45 utanfor aulaen. Stad: Aulaen ved Universitet i Oslo. Adresse: UiO, Karl Johans gt. 47, 0162 Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Kl. 17.00 Statsministeren deltek på medlemsmøte i Hamar Arbeidarparti. Møtet finn stad på Hamar rådhus.

Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.

Kl. 18.00 Statsministeren deltek på årsmøtet til Stange Arbeidarparti. Møtet finn stad på Stange rådhus.

Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.

Tysdag 6. februar

Kl. 10.00 Statsminister Jonas Gahr Støre og klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen besøkjer Nordre Follo kommune. Dei skal få ei orientering om korleis norske kommunar kan jobba aktivt med å verna natur.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Onsdag 7. februar

Kl. 12.15 Statsminister Jonas Gahr Støre møter Sveits president Viola Amherd. Møtet finn stad i Parkveien 45. Tema for møtet er mellom anna krigen i Ukraina, situasjonen i Midtausten, tryggingspolitiske spørsmål og europeisk samarbeid.

Presse som ønskjer å dekke møtet må gi beskjed innan tysdag 6. februar kl. 12.00 til rvi@smk.dep.no.

Presse som ønskjer å ta bilete ved møtestart må møte seinast kl. 12.00 i Riddervoldsgate 2. Presse som ønsker intervju i etterkant av møtet, må møte seinast kl. 13.00 på same adresse. Ta med gyldig pressekort og id.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Torsdag 8. februar

Kl. 18.00 Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på festpremiere for å sjå filmen «Ibelin». Statsministeren vil vere tilgjengeleg for presse kl. 17.45. Stad: Colosseum kino.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post andreas.bondevik@smk.dep.no.

Fredag 9. februar

Kl. 16.00 Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer årsmøtet til Oslo AUF.

Pressekontakt er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no.

Fredag 16. og laurdag 17. februar

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på den årlege sikkerheitskonferansen i München. Statsministeren deltek saman med utanriksminister Espen Barth Eide, forsvarsminister Bjørn Arild Gram og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Pressekontaktar er for statsministeren er statssekretær Halvard Hølleland, telefon 99 51 43 51, e-post haho@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marita I. Wangberg, telefon 90512319 og e-post miw@smk.dep.no