Statsministerens program veke 7 og 8

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Veke 7

Måndag 14. februar
Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Tysdag 15. februar
Kl. 11.00: Statsministeren besøkjer Haramskonferansen i Ålesund kommune der han taler og deltek i ei panelsamtale om grøn verdiskaping. Adresse: Ingebrigt Davik-huset, Bernt Hildrevegen 2, Brattvåg.

Kl. 12.40: Statsministeren besøkjer industribedrifta Spilka, som produserer løysingar for vindauge- og dørprodusentar og nye berekraftige løysingar for byggebransjen. Adresse: Langrabben 71, Ålesund.

Kl. 13.55: Statsministeren besøkjer United Future Lab Norway (Framtidslaben) ved Campus Ålesund. Framtidslaben er eit partnarskap mellom offentleg sektor, privat næringsliv og akademia, som saman jobbar for smart og berekraftig samfunnsutvikling. Adresse: Borgundvegen 340.

Kl. 14.50: Statsministeren besøkjer bedrifta Uteguiden i Ålesund der han mellom anna skal bli med ut i kajakk. Adresse: Notenesgata 3.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Onsdag 16. februar
Kl. 13.30: Statsminister Jonas Gahr Støre opnar toppmøtet om Global Disability Summit (GDS) i Oslo. Han skal mellom anna halde hovudinnlegget der dei norske forpliktingane for arbeidet vert annonsert. Toppmøtet vert sendt direkte på regjeringa.no.

Pressekontaktar er statssekretær Siri Storstein Hytten, telefon 48114514, e-post ssh@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Kaja Schill Godager, telefon 91 91 98 93, e-post ksg@smk.dep.no.

Torsdag 17. februar
Statsministeren er til stades når sentralbanksjefens held sin årstale i Noregs Bank. Han deltek deretter på Noregs Banks årsmiddag på Grand Hotel.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Veke 8

Tysdag 22. februar
Statsminister Jonas Gahr Støre besøkjer Stockholm.

Kl. 08.15: Møte med svensk næringsliv om grøn omstilling.

Kl. 10.50: Møte med leiinga i Wallenberg-konsernet om grøn industriutvikling.

Kl. 11.45: Møte med statsminister Magdalena Andersson.

Kl. 13.15: Pressetreff med moglegheit for fysisk og digital deltaking. Detaljar kjem.

Presse som ønsker å følgje besøket, må akkreditere seg til: mlk@smk.dep.no innan fredag 18. februar.

Pressekontaktar er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon 99 52 20 26, e-post mlk@smk.dep.no.

Tysdag 22. og onsdag 23. februar
Statsministeren besøkjer Brussel saman med klima- og miljøminister Espen Barth Eide, olje- og energiministeren Marte Mjøs Persen og næringsminister Jan Christian Vestre.

Statsministeren skal møte Kommisjonspresident Ursula von der Leyen, og EU-kommissærane Frans Timmermans, Margrethe Vestager og Valdis Dombrovskis.

Han møter også Belgias statsminister Alexander De Croo og deltar på eit seminar med næringsliv om grøn omstilling.

Presse som ønsker å følgje besøket, må akkreditere seg til: mlk@smk.dep.no innan fredag 18. februar.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Tale Benedikte Jordbakke, telefon 97 65 14 57, e-post tjo@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marte Lerberg Kopstad, telefon 99 52 20 26, e-post mlk@smk.dep.no.

Pressekontakt for næringsministeren er kommunikasjonsrådgivar Yngve Angvik, telefon 45 95 61 99, e-post yngve.angvik@nfd.dep.no.

Pressekontakt for olje- og energiministeren er kommunikasjonssjef Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post arvid.samland@oed.dep.no.

Pressekontakt for klima- og miljøministeren er kommunikasjonsrådgivar Martin Lerberg Fossum, telefon 46 81 98 12, e-post martin-lerberg.fossum@kld.dep.no.