Statsministerens program veke 7

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 12. februar

Kl. 10.00: Statsminister Jonas Gahr Støre leier eit møte i regjeringa sitt kontaktutval med partane i arbeidslivet. Tema for møtet er den økonomiske situasjonen og tariffoppgjeret 2024.

Møtet går føre seg på Statsministerens kontor, i Glacisgata 1. Det vil vere mogleg for fotografar å arbeide ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 09.30.

Etter møtet, om lag kl. 11.30, vil møtedeltakarane vere tilgjengeleg for presse. Me ber om påmelding til rvi@smk.dep.no innan søndag 11. februar kl. 12.00. For akkreditert presse er oppmøte seinast måndag kl. 11.00. Ta med gyldig pressekort og ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Kl. 18.30: Statsministeren deltek på møte og middag med Arbeidarpartiets ordførarar på Graffi Grill i Trondheim.

Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no.

Tysdag 13. februar

Kl. 08.45: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på Kommunalpolitisk toppmøte i Trondheim. Sjå nettsida til KS for fleire detaljar om programmet.

Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no.

Kl. 20.00: Tanzanias president Samia Suluhu Hassan er i Noreg på offisielt besøk. Statsministeren deltek i gallamiddag på Slottet, i samband med statsbesøket.

Onsdag 14. februar

Kl. 09.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på opninga av Oslo Energy Forum på Holmenkollen Park hotell. Statsministeren taler om lag kl. 09.10, og deltek også i to panelsamtalar.

Pressekontaktar er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post ab@smk.dep.no.

Kl. 11.15: Statsministeren og utanriksminister Espen Barth Eide møter Tanzanias president Samia Suluhu Hassan til samtale i statsministerbustaden. NTB dekkjer lunsjen med foto.

Kl. 11.50: Statsminister Jonas Gahr Støre er vert for regjeringa sin lunsj for Tanzanias president i regjeringa sitt representasjonsanlegg i Parkveien 45. NTB dekkjer lunsjen med foto.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no

Kl. 14.00: Statsministeren møter USA sin klimautsending, John Kerry, til samtale i statsministerbustaden.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Påmelding til rvi@smk.dep.no innan tysdag 13. februar kl. 14.00. Oppmøte for akkrediterte fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 13.30. Ta med pressekort og gyldig ID.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post ab@smk.dep.no.

Torsdag 15. februar

Kl. 09.00: Statsminister deltek på eit møte om industrikoalisjonen First Movers Coalition, arrangert av NHO, saman med John Kerry, USA sin spesialutsending for klima, og representantar frå norsk næringsliv. Statsministeren er tilgjengeleg for intervju etter møtet.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post ab@smk.dep.no.

Kl. 18.00: Statsministeren er til stades når sentralbanksjefen held sin årstale i Noregs Bank.

Statsministeren deltek deretter på Noregs Banks årsmiddag i Oslo rådhus.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Andreas Bondevik, telefon 40 23 24 54, e-post ab@smk.dep.no.

Fredag 16. og laurdag 17. februar

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på den årlege sikkerheitskonferansen i München. Statsministeren deltek saman med utanriksminister Espen Barth Eide, forsvarsminister Bjørn Arild Gram og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Halvard Hølleland, telefon 99 51 43 51, e-post haho@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marita I. Wangberg, telefon 90512319 og e-post miw@smk.dep.no

Tysdag 20. februar

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Røros i samband med Rørosmartnan.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Marita Isaksen Wangberg, telefon 90 51 23 19, e-post marita-isaksen.wangberg@smk.dep.no.

Onsdag 21. februar

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Kirkenes i samband med Kirkeneskonferansen.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.