Statsministerens program veke 8

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Onsdag 22. februar

Kl. 12.00: Statsminister Jonas Gahr Støre møter Sveriges statsminister Ulf Kristersson og Finlands president Sauli Niinistö til eit møte om sikkerheitspolitikk, støtte til Ukraina og samarbeid mellom Sverige, Finland og Noreg. Møtet er i Harpsund i Sverige. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Presse som ønskjer å delta må akkreditere seg til: emma.kvennberg@regeringskansliet.se seinast 20. februar kl. 17.00.

Pressekontakt for statsminister Jonas Gahr Støre er politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ingrid Brandal Myklebust, telefon 99 50 19 17, e-post ibm@smk.dep.no.

Fredag 24. februar

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Bergen på eittårsdagen for Russland sin invasjon av Ukraina.

Kl. 10.00: Statsministeren deltek på ein konferanse om krigen i Ukraina. Konferansen vert arrangert av Universitetet i Bergen, i samarbeid med den ukrainske ambassaden. Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 11.15. Adresse: UiB, Sydnestunnelen, Bergen.

Kl. 12.00: Statsministeren deltek i ein eittårsmarkering for krigsutbrotet i Ukraina på Torgalmenningen i Bergen.

Kl. 13.15: Statsministeren besøkjer KNM Roald Amundsen, som ligg til kai på Haakonsvern i Bergen. Adresse: Haakonsvern orlogsstasjon, Bergen.

Pressekontaktar er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Helene Megaard, telefon 98 83 62 99, e-post hem@smk.dep.no.

Veke 9

Tysdag 28. februar

Kl. 13.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på nordisk toppmøte i Samarbeidskomitéen for dei nordiske sosialdemokratiske partia og landsorganisasjonane (SAMAK). Statsminister Sanna Marin er vert for toppmøtet, der også Natos generalsekretær Jens Stoltenberg vil vere til stades.

Møtet går føre seg i Paasitorni i Helsingfors i Finland. Møtet er ope for presse fram til kl. 16.50. Påmelding til tone.hemli@arbeiderpartiet.no innan 22. februar.

Pressekontakt er statssekretær Kristoffer Thoner, telefon 97 68 14 80, e-post kth@smk.dep.no.