Statsministerens program veke 8

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Fredag 16. og laurdag 17. februar

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på den årlege sikkerheitskonferansen i München. Statsministeren deltek saman med utanriksminister Espen Barth Eide, forsvarsminister Bjørn Arild Gram og utviklingsminister Anne Beathe Tvinnereim.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Halvard Hølleland, telefon 99 51 43 51, e-post haho@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marita Isaksen Wangberg, telefon 90512319 og e-post miw@smk.dep.no

Tysdag 20. februar

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Røros i samband med Rørosmartnan.

Statsministeren taler på opninga litt etter kl. 12.00. Sjå meir informasjon i programmet på nettsida til Rørosmartnan.

Støre besøkjer også ulike bedrifter og arrangement i samband med martnan. Han vil ha møte med mellom anna ungdomsrådet og representantar frå lokalt næringsliv.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Marita Isaksen Wangberg, telefon 90 51 23 19, e-post miw@smk.dep.no.

Onsdag 21. og torsdag 22. februar

Statsminister Jonas Gahr Støre er i Kirkenes i samband med Kirkeneskonferansen og taler på opninga onsdag om lag kl. 13.15.

Onsdag 21. februar

Kl. 11.15: Statsministeren har møte med Øst-Finnmarkrådet på Scandic Hotel i Kirkenes.

Kl. 13.00: Statsministeren deltek på Kirkeneskonferansen og held innlegg om lag kl. 13.15. Kort pressetilgjenge om lag kl. 14.10. Stad: Thon Hotel Kirkenes. 

Kl. 15.30: Statsministeren besøkjer Forsvarets observasjonspost på Vardefjell i lag med representantar for Forsvaret. Begrensa tilgang for pressa. Forsvaret tilbyr stillfoto frå besøket, ta ev. kontakt med pressekontaktane i Forsvaret (sjå lenger ned).

Kl. 16.30: Forsvaret arrangerer ei omvising for pressa på Jarfjord grensestasjon i forkant av statsministerens besøk. Påmelding til pressekontaktane i Forsvaret (sjå lenger ned).

Kl. 17.00: Pressetreff med statsministeren i samband med besøk til Grensevakta Sør-Varanger på Jarfjord grensestasjon. Kort orientering om utstyr og materiell, framsyning av nytt utstyr. Moglegheit for intervju.

Pressekontaktar i Forsvaret er presse- og informasjonskorporal Arnfinn Sjøenden, telefon 99 11 33 92 og protokollkonsulent Trygg Arne Larsen, telefon 98 90 01 41, e-post trylarsen@mil.no.

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Halvard Hølleland, telefon 99 51 43 51, e-post haho@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Kl. 18.30: Statsministeren deltek på møte med Sør-Varanger Arbeidarparti på Samfunnshuset i Kirkenes.

Pressekontakt for statsministeren er statssekretær Halvard Hølleland, telefon 99 51 43 51, e-post haho@smk.dep.no.

Torsdag 22. februar

Kl. 09.00: Statsministeren besøkjer Ellas frisør i Kirkenes, som har ein ukrainsk flyktning i språkpraksis i regi av NAV.

Pressekontaktar er statssekretær Halvard Hølleland, telefon 99 51 43 51, e-post haho@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Tone Hertzberg, telefon 91 19 13 13, e-post the@smk.dep.no.

Måndag 26. februar

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte og strategisamling for  Arbeidarpartiet på Sundvolden hotell.

Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no.

Tysdag 27. februar

Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på nordisk toppmøte i Samarbeidskomitéen for dei nordiske sosialdemokratiske partia og landsorganisasjonane (SAMAK). Møtet går føre seg utanfor København.

Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no.

Onsdag 28. februar

Statsminister Jonas Gahr Støre møter den polske statsministeren Donald Tusk i Warszawa.

Dei vil ha eit bilateralt møte, etterfølgt av ein felles pressekonferanse. Tema for besøket er den sikkerheitspolitiske situasjonen, Ukraina, europapolitikk og det viktige bilaterale forholdet mellom Polen og Noreg.

Journalistar som ønskjer å delta kan melde seg til miw@smk.dep.no innan 26. februar.

Pressekontaktar er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marita I. Wangberg, telefon 90 51 23 19, e-post miw@smk.dep.no.