Statsministerens program veke 9
Pressemelding | Dato: 23.02.2024 | Statsministerens kontor
Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).
Søndag 25. februar
Kl. 17.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet på Sundvolden hotell.
Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no.
Måndag 26. februar
Kl. 17.00: Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på eit møte om støtte til Ukraina for stats- og regjeringsleiarar i Elysée-palasset i Paris. Frankrikes president Emmanuel Macron er vertskap for møtet, som vert halde i samband med at det er to år sidan Russland sin invasjon av Ukraina.
Presse som ynskjer å dekkje dette, kan ta kontakt med pressekontaktane: Politisk rådgivar Emma Svarva Giskås, telefon 93 80 94 69, e-post esg@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Mona Sæverud Higraff, telefon 92 05 76 50, e-post msh@smk.dep.no.
Tysdag 27. februar
Statsminister Jonas Gahr Støre deltek på nordisk toppmøte i Samarbeidskomitéen for dei nordiske sosialdemokratiske partia og landsorganisasjonane (SAMAK). Møtet går føre seg utanfor København.
Pressekontakt er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no.
Onsdag 28. februar
Statsminister Jonas Gahr Støre møter den polske statsministeren Donald Tusk i Warszawa.
Dei vil ha eit bilateralt møte, etterfølgt av ein felles pressekonferanse. Tema for besøket er den sikkerheitspolitiske situasjonen, Ukraina, europapolitikk og det viktige bilaterale forholdet mellom Polen og Noreg.
Journalistar som ønskjer å delta kan melde seg til miw@smk.dep.no innan 26. februar.
Pressekontaktar er statssekretær Halvard Ingebrigtsen, telefon 91 55 12 53, e-post hin@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Marita I. Wangberg, telefon 90 51 23 19, e-post miw@smk.dep.no.