Presseinvitasjon

Statsråd Gjelsvik besøker Bjørkelangen

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøker Bjørkelangen fredag 19. august. Her vil han få innspel til den kommande distriktsmeldinga.

Media er velkomne til å delta

Program

Kl. 13.00: Innspelsmøte til distriktsmeldinga.

Statsråden vil få innspel til framtidas distriktspolitikk frå ei rekke aktørar frå privat og offentleg sektor i regionen.

  • Stad: Kommunestyresalen på rådhuset.  Rådhusveien 3, 1940 Bjørkelangen 

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00