Presseinvitasjon
Statsråd Gjelsvik besøker Bodø
Pressemelding | Dato: 03.12.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøker Bodø i Nordland måndag 5. desember. Tema for reisa er distrikt- og regionalpolitikk.
Media er velkommen til å ta del i delar av programmet.
Program for måndag 5. desember i Bodø
Kl. 10.45: Statsråden møter Nordland fylkeskommune ved leiar for fylkesrådet Remi Solberg m. fleire. Tema for møtet er regionvekstavtala mellom staten og Nordland fylkeskommune.
- Stad: Fylkeshuset, Prinsensgate 100 i Bodø.
Kl. 12.45: Statsråden besøker Inkubator Salten ved administrerande direktør Erlend Bullvåg med fleire. Tema for besøket er arbeidet i inkubatoren. Møtet er ope for media.
- Stad: Kunnskapsparken, Sjøgata 15/17 i Bodø.
Kl. 13.30.: Statsråden møter Bodø Røde Kors og ungdomar frå Unge Stormen i Bodø saman med ordførar Ida Maria Pinnerød. Møtet er ope for media.
- Stad: Stormen bibliotek, Storgata 1 B i Bodø.
Pressekontakt
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00
E-post til kommunikasjonseininga: ke@kdd.dep.no