Statsråd Gjelsvik besøker Flesberg kommune
Pressemelding | Dato: 11.08.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøker Flesberg kommune måndag 15. august. Her vil han mellom anna få innspel til den kommande distriktsmeldinga.
Media er velkomne til å ta del i programmet.
Program for 15. august
Kl. 10.00: Innspelsmøte til distriktsmeldinga.
Statsråden vil få innspel til framtidas distriktspolitikk frå ei rekke aktørar frå privat og offentleg sektor i regionen.
- Stad: Lampeland Hotell, Stasjonsvegen 4, 3623 Lampeland
Kl. 12.30: Statsråden besøker Lyngdal Landhandel.
Butikken er ein døgnopen, sjølvbetjent butikk som er støtta av Merkur-programmet.
- Stad: 3642 Lyngdal i Numedal
Kl. 13.45: Statsråden besøker Moelven Numedal.
- Stad: Hagebrugveien 23, 3620 Flesberg
Kl. 15.00: Statsråden besøker N2 Applied
- Stad: Strand Gård, Vestsida 71, Svene
Pressekontaktar:
Ingvild Sahl, seniorrådgiver, kommunikasjon. Tlf: 95 87 05 41
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00