Statsråd Gjelsvik deltek på FN-toppmøte om bærekraftig utvikling i New York
Pressemelding | Dato: 13.07.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
10. juli startar FN sitt høgnivåmøte om nasjonal og global oppfølging av 2030-agendaen om berekraftig utvikling (HLPF). Kommunal- og distriktsdepartementet har det nasjonale ansvaret for koordinert oppfølging av arbeidet i Noreg. Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik deltek på møtet frå 17. juli.
–Ei berekraftig utvikling handlar mellom anna om tryggleik og velferd, ivaretaking av naturmangfald, tilgang til teknologi for folk og verksemder, levedyktige distrikt og eit godt miljø og klima. Dette jobbar regjeringa målretta med nasjonalt og gjennom samarbeid med andre land, seier Gjelsvik.
Høgnivåmøtet for berekraftig utvikling (HLPF) er den viktigaste FN-plattforma for diskusjonar om berekraftig utvikling, og har ei sentral rolle i drøftinga om korleis berekraftsmåla skal følgast opp i dei enkelte landa. Årets HLPF finn stad i New York.
I ei verd prega av mange og samanvevde krisar, er hovudtemaet for møtet korleis verda no skal klare å sette fart på gjenoppbygginga etter Covid-19-pandemien og nå berekraftsmåla innan 2030.
–Verda stor overfor store utfordringar, som krev innsats både lokalt, regionalt og nasjonalt, og i samarbeid mellom land. Konsekvensar av klimaendringar, tap av natur, aukande energi- og matvareprisar, svolt, krig og konflikt råkar alle land i større eller mindre grad. Men det råkar dei fattigaste i verda aller hardast, seier statsråden.
Den norske delegasjonen blir i år leia av kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik. Delegasjonen består av representantar frå departementfellesskapet og underliggande etatar, samt sivilsamfunn, arbeidsgivar- og arbeidstakarorganisasjonar. I år deltek òg ein ungdomsrepresentant i delegasjonen. Breidda i delegasjonen reflekterer korleis berekraftsarbeidet påverkar og engasjerer store delar av samfunnet.
–Norske kommunar og fylkeskommunar er heilt sentrale i arbeidet for ei berekraftig utvikling. Samstundes har vi eit tett og godt samarbeid med næringslivet og frivillig sektor, mellom anna gjennom toppleiarforumet for berekraftsmåla, seier Gjelsvik.
HLPF vil i år ha særleg fokus på desse berekraftsmåla: mål 6 om reint vatn og gode santitærforhold, mål 7 om rein energi til alle, mål 9 om industri, innovasjon og infrastruktur, mål 11 om berekraftige byar og lokalsamfunn, og mål 17 om samarbeid for å nå måla.
–Mål 11 om berekraftige byar og lokalsamfunn har Kommunal- og distriktsdepartementet eit særskilt ansvar for å følgje opp nasjonalt. Dette vert mellom anna følgt opp av regjeringa i distriktsmeldinga, nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging og i meldinga om levekårsutfordringar i byar og andre befolkningstette område som kjem til hausten, seier Gjelsvik.