Presseinvitasjon:
Statsråd Gjelsvik inviterer bransjeaktørar til møte om bustadmeldinga
Pressemelding | Dato: 07.03.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Torsdag 9. mars møter kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) sentrale næringsaktørar for å få innspel til arbeidet med stortingsmeldinga om ein heilskapleg bustadpolitikk.
– Regjeringa er opptatt av å legge til rette for at det blir bygd nok bustadar i heile Noreg. Like viktig er det å ta vare på dei bustadane vi har og utnytte den eksisterande bygningsmassen på best mogleg måte. For å finne dei gode løysningane treng vi innspel frå aktørane i næringa, som kjenner utfordringsbildet godt, seier Gjelsvik.
I møtet vil statsråden be om aktørane si vurdering av bustadmarknadane sin verkemåte og utfordringar, samt situasjon og utfordringar knytt til bustadbygging og oppgradering.
Møtet er i departementet sine lokale kl. 14.00-15.30. Presse kan ikkje delta på sjølve møtet, men det er satt av tid til kommentarar frå kl. 15.30-15.45.
Desse deltek på møtet:
- Byggenæringens Landsforening (BNL)
- Boligprodusentenes Forening
- Eiendom Norge
- Entreprenørforeningen – Bygg og Anlegg (EBA)
- Huseierne
- Norske Boligbyggelags Landsforbund (NBBL)
- Norsk Eiendom
- Norges Eiendomsmeglerforbund
- Treindustrien
- Direktoratet for byggkvalitet og Husbanken (lytterolle)
Send ein e-post til ke@kdd.dep.no eller ring pressetelefon på 22 24 25 00 om du ønsker ein kommentar etter møtet.