Presseinvitasjon
Statsråd Gjelsvik inviterer til møte om distriktsmeldinga i Troms og Finnmark
Pressemelding | Dato: 22.04.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) besøker Kirkenes, Karasjok og Alta i Troms og Finnmark 25. og 26 april. Han møter regionale og lokale aktørar, og inviterer til fleire møter for å få innspel til arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.
Media er velkomne til å ta del i programmet.
Program for måndag 25. april
Kl. 11.30 Statsråden besøker Kimek
- Stad: Storgata 4, Kirkenes
Kl. 13.00 Statsråden inviterer lokale og regionale aktørar i Aust-Finnmark til eit innspelsmøte for å få betre grunnlag for arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.
- Stad: Scandic hotell Kirkenes, Kongens gate 1-3 i Kirkenes.
Kl. 19.00 Statsråden møter Sametinget for å få innspel til arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken. Statsråden et også middag med representantar frå Sametinget.
- Stad: Sametinget, Ávjovárgeaidnu 50 i Karasjok.
Program for tysdag 26. april
Kl. 12.00 Statsråden inviterer lokale og regionale aktørar i Alta til eit innspelsmøte for å få betre grunnlag for arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.
- Stad: Thon hotell Alta, Labyrinten 6, Alta
Kl. 14.15 Statsråden besøker programvareselskapet SmartDok
- Stad: Markveien 2, Alta
Pressekontakt
Senior kommunikasjonsrådgivar Ingvild Sahl, mobiltlf. 95 87 05 41
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00