Statsråd Gjelsvik inviterte til oppstartsmøte om klimapartnarskap
Pressemelding | Dato: 30.03.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
–Saman med næringa set vi no i gang arbeidet med å hente inn den kunnskapen som trengs for å redusere dei store utsleppa i bygg- og anleggsbransjen. Eg ser fram til dette viktige samarbeidet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).
29. mars inviterte Gjelsvik til oppstartsmøte om klimapartnarskapsavtale for bygge-, anleggs- og eigedomsnæringa (BAE). Eit klimapartnarskap skal bidra til å synleggjere kvar ein kan oppnå reduserte utslepp, og korleis aktørane må bidra for at heile verdikjeda skal lukkast med grøn omstilling.
–Å redusere dei samla utsleppa vil krevje meir sirkulære løysingar og meir bruk av klimavenlege materialar, forutan ein meir klimavenleg byggeprosess. Regjeringa er opptatt av å få fart på den grøne omstillinga, og næringa er opptatt av å lukkast med det grøne skiftet. På møtet diskutere vi korleis vi skal jobbe saman for å oppnå dette, seier Gjelsvik.
Hovudorganisasjonane på arbeidsgivar- og arbeidstakarsida spelte på førehand inn organisasjonar som skal delta i dialogen om klimapartnarskap. Hovudorganisasjonane har òg fått invitasjon til å gi innspel til retningslinjer for kunnskapsgrunnlag, som skal ligge til grunn i dialogen.
–Det er mykje kunnskap om utslepp frå bygging og vi veit at utsleppa frå materialbruk er høge. No skal vi samle den kunnskapen vi allereie har og supplere der vi treng å vite meir. Eit godt kunnskapsgrunnlag er eit viktig utgangspunkt for vidare dialog. Dette er eit arbeid som skal skje i tett samarbeid mellom myndigheiter og aktørane i næringa. Både organisasjonane som har deltatt på oppstartsmøtet og andre aktørar vil bli involverte i det vidare arbeidet, seier Gjelsvik.
Desse organisasjonane deltok på møtet:
- Byggenæringens landsforening (BNL) – med bransjeorganisasjonene EBA, Treindustrien og Norsk Eiendom (i tillegg deltar flere av BNLs bransjeorganisasjoner digitalt)
- Nelfo
- Maskinentreprenørenes forbund (MEF)
- Spekter
- Fellesforbundet
- El- og IT-forbundet
- Arbeidsmandsforbundet
- Parat
- Tekna