Presseinvitasjon:
Statsråd Gjelsvik mottar NOU om embetsmannsordninga
Pressemelding | Dato: 16.06.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Embetsmannsutvalet overleverer utredninga si til kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik 19. juni.
Embetsmannsutvalet blei oppnemnt av Kongen i statsråd 3. september 2021. Utvalet fekk i oppdrag å gjere ein heilskapleg gjennomgang av embetsmannsordninga. Utvalet overleverer utredninga si til kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik den 19. juni i auditoriet, R5 i Akersgata 59.
Arrangementet er opent for pressa og andre interesserte.
For påmelding send ein e-post til KE@kdd.dep.no
Arrangementet kan også følgast digitalt på regjeringa si nett-TV.
Tid: Måndag 19. juni, kl. 11.30-12.00
Stad: Auditoriet R5, Akersgata 59
Ta med gyldig pressekort og gyldig ID.
Mandatet for utgreiinga
Utvalet fekk i oppdrag å gjere ein heilskapleg gjennomgang av embetsmannsordninga.
Konkret skulle utvalet vurdere følgande:
- Om embetsmannsordninga bør førast vidare.
- Om eit eventuelt skilje mellom embetsmenn og andre statstilsette framleis bør komme fram av Grunnlova.
- Kva særreglar som eventuelt skal gjelde for embetsmenn samanlikna med andre tilsette i staten.
- Kva stillingar som i framtida eventuelt skal vere embetsmenn.
- Om skiljet mellom embetsmenn som berre kan avsetjast ved dom, og embetsmenn som også kan avsetjast administrativt av Kongen i statsråd bør førast vidare, og kva stillingar som eventuelt bør innpassast under dei to kategoriane.
- Bruk av åremål for embetsmenn.
- Om omgrepa embetsmann og embetsmenn bør førast vidare, eller om dei kan erstattast av kjønnsnøytrale omgrep.
Medlemmane av utvalet har vore:
- Terese Smith Ulseth, tingrettsdommar, Oslo (leiar)
- Bjørn Trygve Grydeland, cand. Polit., Bærum
- Haakon Stephen Bruun-Hanssen, pensjonert admiral, Vestby
- Bjørn-Inge Larsen, spesialrådgivar, Oslo
- Helga Pedersen, ordførar, Tana
- Tine Eidsvaag, førsteamanuensis, Bergen
- Turid Moldenæs, professor, Tromsø
- Herlof Nilssen, spesialrådgivar, Randaberg
- Christl Kvam, kommunedirektør (nå regiondirektør), Gjøvik
- Torunn Elise Kvisberg, lagdommar, Lillehammer