Statsråd Gjelsvik til Dyrøy i Troms og Finnmark
Pressemelding | Dato: 16.09.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp) deltar på Dyrøyseminaret tysdag 20. september. Der vil han mellom anna få innspel til den komande distriktsmeldinga.
Media er velkomne til å delta på programmet.
Program for tysdag 20. september
Kl. 11.50: Statsråden besøker DEMAS AS. Bedriften produserer produkt til elektrobransjen. Tema for møtet er vekstkraftig næringsliv i distrikta og tilgang på kompetanse
Stad: Tverrveien 27, Brøstadbotn i Dyrøy kommune
Kl. 12.45: Statsråden deltar på Dyrøyseminaret og inviterer til eit innspelsmøte for arbeidet med distriktsmeldinga.
Stad: Nordavindshagen 1, Brøstadbotn i Dyrøy kommune
Kl. 15.00: Statsråden deltar i ein paneldialog på Dyrøyseminaret.
Stad: Nordavindshagen 1, Brøstadbotn i Dyrøy kommune
Kl. 16.00: Statsråden møter Nord-Troms regionråd med deltakarar frå kommunane Lyngen, Storfjord, Kåfjord, Skjervøy, Nordreisa og Kvænangen. Tema for møtet er utfordringar og moglegheiter i kommunane.
Stad: Biblioteket, Nordavindshagen 1, Brøstadbotn i Dyrøy kommune.
Pressekontaktar
Ingvild Sahl, seniorrådgivar i kommunikasjonseininga: Tlf. 95 87 05 41
Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00 eller ke@kdd.dep.no