Presseinvitasjon
Statsråd Gram besøker Bærum og Kongsberg
Pressemelding | Dato: 21.02.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram besøker Bærum og Kongsberg kommuner tysdag 22. februar. Tema for besøka er fornying av offentleg sektor, berekraft og velferdsteknologi.
Media er velkomne til å ta del i programmet.
Program for tysdag 22. februar
Kl. 10:00 Stimulab arbeider for utvikling og fornying av offentleg sektor. Statsråd Gram møter ordførar Lisbeth Hammer Krogh med fleire for ei orientering om kommunen sitt arbeid.
- Stad: Papirfly, Forneburingen 29, Fornebu i Bærum.
Kl. 12.00 Responssenteret er eit vertskommunesamarbeid mellom kommunar i kongsbergregionen. Dei har tatt i bruk velferdsteknologi som eit trygt tilbod til brukarane, og senteret er eit kompetansesenter for fleire kommunar. Statsråd Gram møter ordførar Kari Anne Sand med fleire.
- Stad: Responssenteret, Cort Adelers gate 29 i Kongsberg.
Kl. 12:30 Berekraft i plusshus og teknologi som skaper tryggleik i Kongsberg kommune. Statsråd Gram møter ordførar Kari Anne Sand med fleire.
- Stad: Edvardsløkka bo- og aktivitetssenter, Gunnar Hvashovdsveg 20 i Kongsberg.
Kl. 15:15 Mobilteknologi skaper nye produkt. Statsråd Gram møter utviklararar som lager sjølvkøyrande, autonome kjøretøy. Statråd Gram møter dagleg leiar Bjørn Tore Orvik og representantar frå Telenor med fleire.
- Stad: Yeti Move, Dyrmyrgata 35 i Kongsberg.
Pressekontakt
Politisk rådgivar Ingrid Nikoline Sand, mobiltlf. 46 89 89 55
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00