Presseinvitasjon

Statsråd Gram inviterer til møte om distriktsmeldinga i Sandnessjøen

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram (Sp) besøker Sandnessjøen i Nordland måndag 4. april. Han inviterer til eit eige møte for å få innspel til arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken, og møter aktørar frå næringslivet og skolen.

Media er velkomne til å ta del i programmet.

Program for måndag 4. april

Kl. 10.00 Statsråden inviterer lokale og regionale aktørar til innspelsmøte for å få betre grunnlag for arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.

Stad: Scandic 7 Søstre, Torolv Kveldulvsons gate 16 i Sandnessjøen.

Kl. 12.10 Statsråden besøker Sandnessjøen videregåande skole.

Skolen vann dronning Sonja sin skulepris i 2021, som den første nordnorske skolen. Juryen peikte blant anna på at skolen samarbeider med oppdrettsnæringa for å sikre læreplassar for eigne yrkesfaglege elever.

Ved skolen møter statsråden rektor Arne Tømmervold, avdelingsleiar Margit Pernille Langseth og avdelingsleiar Snorre Sørensen. I tillegg møter dagleg leiar Hans Einar Jakobsen, Watbot, dagleg leiar Kristian Johnsen, Lets Sea, samt fylkesrådsleiar Tomas Norvoll, Nordland fylkeskommune.

Stad: Novikveien 47 i Sandnessjøen.

Kl. 13.45 Statsråden møter ordførar Peter Talseth, Alstadhaug kommune, for å snakke om situasjonen flyktningene frå Ukraina.

Stad: Rådhuset, Strandgata 52.

Pressekontakt

Senior kommunikasjonsrådgivar Hilde Greve Mo, mobiltlf. 91 33 87 78

Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00