Presseinvitasjon
Statsråd Gram inviterer til møte om distriktsmeldinga i Sogndal
Pressemelding | Dato: 17.03.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram besøker Sogndal i Vestland måndag 21. mars. Han møter fleire verksemder, og inviterer til eit eige møte for å få innspel til arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.
Media er velkomne til å ta del i programmet.
Program for måndag 21. mars
Kl. 10:30 Statsråd Gram inviterer lokale og regionale aktørar til eit innspelsmøte for å få betre grunnlag for arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.
Etter møtet får statsråden ei omvising på Campus Sogndal, den viktigaste klynga for idrett, utdanning og forsking i Sogn. Ca. 50 verksemder held til på Campus Sogndal.
Stad: Campus Sogndal, Trolladalen 30 i Sogndal.
Kl. 13:45 Statsråd Gram møter mellom anna ordførar Arnstein Menes og kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo, Sogndal kommune, og dagleg leiar Torgeir Skålid, Sogn næring. Tema for møtet er mellom anna lokal og regional næringsutvikling, integrering, attraktivitet og tillitsreform.
Stad: Stadionbygget, Campus Sogndal i Sogndal.
Kl. 15:00 Statsråd Gram besøker Rocketfarm og nLink. Dei to verksemdene utviklar robotar for ein internasjonal marknad. Statsråden møter dagleg leiar Mads Orheim Hansen m.fl.
Stad: Rockethouse, Årøyvegen 7 i Sogndal.
Kl. 16:00 Statsråd Gram får ein demonstrasjon av 3D-scan i praksis, og orientering om korleis Sogndal kommune nyttar digitalisering i byggedrift.
Stad: Sogndal rådhus, Gravensteinsgata 17 i Sogndal.
Pressekontakt
Senior kommunikasjonsrådgivar Ingvild Sahl, mobiltlf. 95 87 05 41