Presseinvitasjon
Statsråd Gram inviterer til møte om distriktsmeldinga i Steinkjer
Pressemelding | Dato: 25.02.2022 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsminister Bjørn Arild Gram besøker Steinkjer i Trøndelag tysdag 1. mars. Han møter fleire verksemder, og inviterer til eit eige møte for å få inspel til arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.
Media er velkomne til å ta del i programmet.
Program for tysdag 1. mars
Kl. 10:15 Statsråd Gram besøker InnoCamp, der ca. 40 verksemder frå fem klynger er samla for å bidra til innovasjon på ulike felt. Tema for besøket er innovasjon og fornying av offentleg sektor.
Kl. 11.00 Statsråd Gram inviterer lokale og regionale aktørar til eit innspelsmøte for å få betre grunnlag for arbeidet med stortingsmeldinga om distriktspolitikken.
Kl. 13.15 Statsråd Gram besøker Distriktssenteret for å høyre korleis kommunane kan arbeide for å bli meir attraktive for fastbuande, besøkande og næringsliv.
- Stad: Skolegata 22 i Steinkjer.
Kl. 14.15 Statsråd Gram besøker Svedjan bo- og habiliteringssenter. Dette er eit mellombels butilbod til ungdom og unge vaksne med mål om å styrkje den enkelte sine ferdigheiter.
- Stad: Brevigvegen 2 i Steinkjer
Kl. 18.00 Statsråd Gram er tilstades på eit avspark for Europeisk matregion Innherred.
- Stad: Stiklestad hotell, Stiklestad allé 350 i Verdal
Pressekontaktar
Senior kommunikasjonsrådgivar Ingvild Sahl, mobiltlf. 95 87 05 41
Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00