Forskings- og høgare utdanningsministerens på lanseringa av NOKUT-rapport om grunnskulelærarutdanningane
Tale/innlegg | Dato: 17.12.2024 | Kunnskapsdepartementet
Av: Forsknings- og høyere utdanningsminister Oddmund Hoel (UiT, Hansine Hansens veg 18, 9019 Tromsø)
Statsråd Oddmund Hoel heldt opningstalen på lanseringa av NOKUT-rapport om grunnskulelærarutdanningane tysdag 17. desember, i Tromsø
Kjære alle lærarutdannarar rundt om i landet,
kjære studentar og kjære alle dykk andre som er til stades, fysisk og digitalt,
Kjære NOKUT,
Eg er veldig glad for å vere her i dag og dele denne dagen med dykk. Dette er ein viktig dag som gir oss ny kunnskap om nokre av dei viktigaste utdanningane i velferdssamfunnet vårt.
Grunnskulelærarane spelar ei nøkkelrolle liva til i barna våre. Dei gir dei kunnskap, tryggleik og kompetanse – og dei lærer barna og ungdommane våre å bli gode og ansvarlege medborgarar. Dette er heilt grunnleggande for samfunnet vårt, for demokratiet, og for framtida vår.
Masterutdanningane i grunnskulelærar har no eksistert i sju år. Dei kom på eit tidspunkt da mykje skjedde innanfor sektoren vår. Like før fekk vi strukturreforma i høgare utdanning. Med andre ord kom to store og krevjande endringsprosessar omtrent på same tid.
Den internasjonale rådgjevingsgruppa som NOKUT sette ned, hadde store forventningar til GLU-master. Samstundes sa dei tydeleg at det framleis var ein jobb å gjere. Dei tilrådde at utdanningane bør bli mindre detaljstyrt av nasjonale myndigheiter, og at institusjonar og studieprogram må få tillit til å utvikle seg vidare.
I dag skjer det utruleg mykje bra i lærarutdanningane våre. Men vi står også som kjent framfor utfordringar. Vi manglar lærarar mange plasser rundt om i landet. Og sjølv om vi har klart å snu den negative utviklinga i opptakstal til grunnskulelærarutdanningane – noko som er veldig, veldig bra – så treng vi at enda fleire vil ta lærarutdanning.
Dessverre har også grunnskulelærarutdanningane kome dårleg ut i Studiebarometeret år etter år. Lærarstudentane har peika på organisering og kvalitet i praksis som forbetringsområde.
*
Men alle desse utfordringane er noko som eg har tru på at vi kan vi klare å løyse saman. Her er ryggrada i kunnskaps-Noreg samla, så sjølvsagt kan vi det! Men da treng vi også eit godt kunnskapsgrunnlag for å utvikle lærarutdanningane. Og det er nettopp det vi får med denne rapporten, som er grundig og god. Mange av dykk som sit i salen i dag har bidratt til det.
Tilrådingane er dessutan ‘formative’, og rapporten skal fungere meir som ein utviklingssamtale enn eit endeleg karakterkort. Dermed gir han moglegheit til å ta tak i ulike forbetringsområde.
*
Regjeringa har allereie satt i gong mykje arbeid for å møte nokre av dei utfordringane vi står framfor. I profesjonsmeldinga, som regjeringa la fram i vår, var eit av måla å legge til rette for meir overordna styring av profesjonsutdanningane. Vi jobbar no med korleis vi skal organisere dette arbeidet vidare. Vi tok òg grep for å få meir erfaringsbasert kunnskap inn i utdanningane. Og for å gjere masterutdanninga enda meir praksisnær og relevant for arbeidet i skulen.
Delleveransar frå evalueringa som vi no snart skal få presentert, var eit viktig kunnskapsgrunnlag i arbeidet med profesjonsmeldinga. No er eg spent på om den endelege rapporten kan gi meir informasjon om korleis det blir arbeidd med å gjere utdanningane endå meir praksisnære – og korleis ein foreinar forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap. I ein master i grunnskulelærarutdanning er det fleire tradisjonar som møtast – den profesjonsnære seminartradisjonen og den akademiske tradisjonen. Spørsmålet er om noko nytt kan skapast i dette møtet. Eg er nysgjerrig på korleis institusjonane har nærma seg dette. Her bør det vere rom for innovasjon!
*
Kjære alle saman,
Eg har tru på at vi kan få til verkeleg gode ting saman. For igjen: Det skjer mykje bra i og med lærarutdanningane våre. Først og fremst handlar det om det gode arbeidet de gjer ved institusjonane kvar einaste dag. No får vi kunskap som kan bidra til å styrke dette arbeidet ytterlegare.
Men no er vi mange som er spente på funna i sluttrapporten, inkludert meg, så eg skal gi meg her.
Takk for meg!