Statsråd Ola Borten Moe inviterer til studentpolitisk toppmøte

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Tysdag 18. oktober inviterer forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp) til toppmøte. Då kjem studentleiarar frå heile landet. Saman skal dei diskutere kva som skal til for å bygge fleire studentbustader og korleis forslag til statsbudsjett for 2023 vil påverke studentane.

Studentpolitisk toppmøte gir høve til å diskutere ulike problemstillingar knytte til tema som gjeld studentane.

Statsråd Borten Moe opnar møtet. I tillegg til representantar frå studentorganisasjonane og studentsamskipnadene, blir det innlegg frå Osmund Kaldheim frå Husbanken, Helge Eide frå KS og Johan Rasting frå Bo Coliving AS.

Stad: Representasjonsbustaden til regjeringa, inngang Riddervoldsgate 2

Tidspunkt: 18. oktober klokka 09.30–13.45

Arrangementet er ope for pressa. Meld inn namn på journalistar som deltek i forkantHugs også pressekort og gyldig ID (førarkort/pass/nasjonalt ID-kort). Møt opp i god tid.

Pressekontakt: Journalistar som ønsker å delta må melde seg på til kommunikasjonsrådgivar Johanne Severinsen, e-post: jose@kd.dep.no mobil: 91114868