Presseinvitasjon:
Statsråd Sande besøker Nord-Troms
Pressemelding | Dato: 18.04.2024 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Kommunal- og distriktsminister Erling Sande (Sp) er på reise i Nord-Troms 22. og 23. april. Her skal han besøke kommunane Kåfjord, Nordreisa, Kvænangen og Skjervøy, og mellom anna delta i samtalar om bygdevekst.
Presse er velkommen til å ta del i programmet.
Program måndag 22. april
Kl. 15.00: Statsråden møter ordførarane i Kåfjord, Nordreisa, Kvænangen, Skjervøy, og fylkesordføraren i Troms, tilleg til representantar frå fylkeskommunen og Nord-Tromsrådet. Tema for møtet er bygdevekst.
Stad: Senter for Nordlige folk i Kåfjord, Kjerringdalsveien 240, 9144 Samuelsberg
Kl. 16.30: Statsråden besøker Kåfjord kultursenter saman med ordføraren i Kåfjord.
Stad: Kåfjord kultursenter, Skolevegen 2, 9146 Olderdalen
18.30: Statsråden deltek i møte i Skjervøy kommune, saman med ordføraren. Tema for møtet er todelt, med statleg og kommunalt samarbeid i kystsona, og forsoningssenter i Nord-Troms.
Stad: Skjervøy rådhus, Skoleveien 6, 9180 Skjervøy
Kl. 19.30. Statsråden deltek i eit ope partimøte i regi av det lokale senterpartilaget. Tema for møtet er distriktspolitikken i framtida.
Stad: På Hjørne, Strandveien 51, Skjervøy
Program tysdag 23. april
Kl. 09.00: Statsråden besøker Halti kultursenter i Nordreisa saman med ordføraren.
Stad: Halti kultursenter, Hovedvegen 2, 9151 Storslett
Kl. 13.15: Statsråden besøker Språksenteret, og Prosjekt Verddesenter i Kvænangen saman med ordføraren.
Stad: Kvænangen språksenter, Leiraveien 24, 9162 Sørstraumen
Pressekontakt
Kjetil Vataker Johansen, kommunikasjonsrådgjevar, tlf: 482 03 314