Presseinvitasjon:
Statsråd Sande inviterer byggenæringa til møte om situasjonen i bustadmarknaden
Pressemelding | Dato: 04.12.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
–Dagens marknad for bustadbygging er krevjande for byggenæringa. Regjeringa følger utviklinga nøye, og er oppteken av å ha god dialog med næringa. Eg har derfor invitert aktørane i byggenæringa til eit felles innspelsmøte, seier kommunal- og distriktsminister Erling Sande.
Bustadbygging blir påverka meir av konjunkturendringar enn mange andre næringar. Høge bygge- og rentekostnader skaper også utfordringar. Både næringa og for bustadkjøparar står no i ein krevjande situasjon.
Tysdag 5. desember kl. 10.00-11.00 inviterer statsråd Sande sentrale aktørar i byggenæringa til møte. Media er velkomne til å delta frå kl. 10.50, og statsråden vil vere tilgjengeleg for intervju i etter møtet.
–Eg vil høyre om byggenæringa sine erfaringar i den seinare tida, og deira vurderingar om kvar skoen trykker mest. Kva utfordringar ser dei i bustadmarknaden rundt om i landet? Eg ønsker òg å få innspel om kva næringa meiner er viktig for å få til gode rammevilkår for bustadbygginga, spesielt i den situasjonen vi er i no, seier Sande.
Tid: Tysdag 5. desember kl. 10.50
Stad: Akersgata 59
For påmelding send ein e-post til KE@kdd.dep.no
Ta med gyldig pressekort og gyldig ID. Møt opp i god tid.
Desse deltek på møtet:
Boligprodusentenes Foreining
Byggenæringens Landsforening
Norsk Eigedom
Norske Boligbyggelags Landsforbund
OBOS
Eigedom Norge
DiBK (lyttarrolle)
Husbanken (lyttarrolle)