Statsråd Sande møtte sin svenske kollega for å diskutere bustad- og bygningspolitikk

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande møtte torsdag Infrastruktur- och bostadsminister Andreas Carlson fra Sverige.

Kommunal- og distriktsminister Erling Sande møtte torsdag Infrastruktur- och bostadsminister Andreas Carlson fra Sverige.

Fleire aktuelle tema var på dagsorden, som bustadbygging, bustadetablering og digitalisering av plan og byggeprosessane. Både Sverige og Noreg opplever fleire av dei same utfordringane på bustadmarknaden, både i bygd og i by.

Ministrane utveksla erfaringar både om situasjonen i bustadmarknaden og om ulike bustadpolitiske tiltak. Carlson viste særleg interesse for arbeidet vårt med bustadkjøpsmodellar, digitalisering av bygningsregelverket, og startlånsordninga frå Husbanken.

– Dette var eit veldig nyttig møte. Sjølv om både eige- og leigemarknadene er forskjellige i våre to land, så er det lærerikt å diskutere med kvarandre. Vi vil halde fram det gode samarbeidet i tida som kjem, seier Sande.