Statsråd Tung besøker Trondheim kommune
Pressemelding | Dato: 02.02.2024 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Digitaliserings- og forvaltningsminister Karianne Tung (Ap) besøker Trondheim kommune 5. februar. Her skal ho mellom anna delta på konferansen Byggebørsen og få ein risiko- og sårbarheitsanalyse for den digitale infrastrukturen i Trøndelag.
Media er velkommen til å ta del i programmet.
Program:
- 12.30: Statsråden halder innlegg på konferansen Byggebørsen der tema er korleis digitalisering kan bidra til enklare og meir effektive byggeprosessar.
Stad: Clarion Hotel og Congress, Brattørkaia 1, Trondheim - 13.30: Statsråden deltek på «jammetest» med Nkom som viser korleis man kan leite etter forstyrringar i mobilnetta.
Stad: Brattøra Brygge - 14.30: Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) overleverer ein risiko- og sårbarheitsanalyse for den digitale infrastrukturen i Trøndelag til statsråden.
Stad: Statens Hus, Prinsens gate 1, Trondheim - 17.00: Statsråden deltek på konferanse i regi av arbeidslivsnettverket KID ved NTNU. Tema: Kunstig intelligens
Stad: Scandic Lerkendal, Klæbuveien 127A
Ved spørsmål kan presse kontakte departementet sin kommunikasonseining på 22242000 eller sende epost til presse@dfd.dep.no