Stavanger kommune gir 10 millionar kroner ekstra til klimatiltak i Landbruket
Nyheit | Dato: 07.09.2023 | Landbruks- og matdepartementet
Bønder i Stavanger kommune kan hausten 2023 søke om ekstraordinær støtte til tiltak for fornybar energi og ENØK tiltak. Midlane kjem frå kommunen sitt klima- og miljøfond og gjeld ut året.
Målet med ordninga er å redusere utsleppa av CO2 i landbruket gjennom auka lokal produksjon av fornybar energi, og tiltak som reduserer energiforbruket (ENØK). Det kan gis inntil 35 prosent støtte, maksimalt 500 000 kr per gardsbruk.
Det gis berre støtte til investeringar.
Søknadsfristen er 1. oktober.
For gardsbruk med stort energiforbruk (f.eks. kylling, gris og veksthus) er denne ekstraordinære støtteordninga kjærkommen for å kunne redusere utsleppa frå landbruket. Spesielt når Innovasjon sine støtteordningar til fornybar energi i landbruket hovudsakleg er brukt opp for 2023.
Det er korte tidsrammer for både å søke og behandle søknadane. Det blir i desse dagar heldt informasjonsmøte for aktuelle bønder i Stavanger, som har blitt ein av dei største husdyrkommunane etter samanslåinga med tidlegare Rennesøy og Finnøy kommune.
For fleire detaljar kan du gå inn på heimesida til Stavanger kommune