Statsbudsjettet 2024

Sterk vekst i kultur- og likestillingsbudsjettet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår ei løyving over Kultur- og likestillingsdepartementet sitt budsjett på 24,5 milliardar kroner. Det er ei auke på om lag 1,2 milliardar kroner frå 2023.

– Vi tek aktive grep for å legge til rette for at alle kan delta i kulturlivet, idretten og i frivillige organisasjonar, uansett bakgrunn og kvar ein bur. Vi vil at alle skal kunne ha fridomen til å leve gode og trygge liv slik dei sjølv ønsker. Samfunnet vårt blir betre og rikare av at så mange som mogleg deltek i fellesskapa våre, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Det foreslåtte kulturbudsjettet for 2024 er det største nokon gong.

Hovudprioriteringar kunst, kultur og film

  • Regjeringa vil satse på lokal og regional kultur, og foreslår auka driftstilskot til fleire museum, kulturbygg og kulturinstitusjonar over heile landet. I tillegg foreslår regjeringa å fordele 50 millionar kroner i eingongstilskot til lokale kulturtiltak og prosjekt.
  • Regjeringa vil styrke kunstnarøkonomien. Regjeringa foreslår å auke løyvingane til Statens kunstnarstipend med 20 millionar kroner for mellom anna å opprette 44 nye stipendhjemlar, samt 15 millionar kroner øyremerkte til vederlag og honorar til kunstnarar.
  • Regjeringa vil styrke satsinga på film og dataspel med 40 millionar kroner, samt auke ramma til insentivordninga med 30 millionar kroner.
  • Regjeringa vil etablere ei tilskotsordning for scenekunstgrupper som har vore verksame over lang tid og foreslår å sette av 26 millionar kroner til ordninga.
  • Regjeringa foreslår å styrke satsinga på språk, leselyst og litteraturformidling med 11 millionar kroner.

Hovudprioriteringar frivilligheit og idrett

  • Regjeringa vil legge til rette for full momskompensasjon for frivilligheit og idrett, og foreslår å auke løyvingane til momsordningane med vel 500 millionar kroner.
  • Idretten og kulturtilbodet skal være like tilgjengeleg for alle barn uavhengig av bakgrunn og bustad. I haust startar regjeringa med å lage ein handlingsplan for deltaking, og foreslår 10 millionar kroner til å følge opp i 2024.
  • Regjeringa held fram satsinga på frivilligsentralane og foreslår å auke tilskota med 38 millionar kroner.
  • Regjeringa foreslår å løyve 5,5 millionar kroner til kartlegging av kunstgrasbanene i Noreg, og behovet på sikt for å erstatte gummigranulat med eit meir berekraftig alternativ.

Hovudprioriteringar likestilling og mangfald