Stor interesse for teknologi for døgnopen drift i Merkur-programmet
Pressemelding | Dato: 27.02.2023 | Kommunal- og distriktsdepartementet
Hegna landhandel var først ute med døgnopen drift i Merkur-programmet. No har 48 distriktsbutikkar i heile Noreg følgt etter. I 2022 gjekk nesten 20% av Merkur sine tilskotsmidlar til investeringsstøtte til ny teknologi.
– Den utvida opningstida har styrka innteninga for butikkane, samstundes som kundane får eit betre tilbod. Det er spennande sjå at innovasjon i daglegvarebutikkar skjer i distrikta, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, som i dag besøkte Hegna Landhandel i Seljord kommune.
Merkur-programmet er eit utviklings- og kompetanseprogram for butikkar i distrikts-Noreg, og bidrar til at folk i distrikta er sikra tilgang til ein daglegvarebutikk av god kvalitet.
Opptatt av innovasjon
Programmet er opptatt av innovasjon, og stiller kapital og kompetanse tilgjengeleg for distriktsbutikkar som ønskjer å teste ut nye forretningsmodellar, eller nye tilleggstenester. Det har vist seg at mange Merkur-butikkar ønskjer å satse på døgnopen drift med delvis sjølvbetjening.
Etter pilotprosjektet med ny teknologi i åtte Merkur-butikkar i 2020, var det 40 Merkur-butikkar som fekk investeringsstøtte til slik satsing i 2021 og 2022. Kunnskapen frå pilotprosjektet er no innarbeidd, og ein del av den ordinære verktøykassa til Merkur.
– Dette er små butikkar som må tenke smart for å oppretthalde grunnlaget for vidare drift. Det har dei verkeleg klart! Det er imponerande, seier statsråden.
Straumstøtte til Merkur-butikkar
Før jul var det semje i Stortinget om å løyve 23 millionar kroner til ei mellombels straumstøtteordning for Merkur-butikkar.
Det er innvilga 371 søknader. Straumprisane frå september til og med desember vart ikkje så høge som ein først trudde og behovet for straumstøtte vart difor lågare enn anslått.
– Merkur-butikkane har små marginar, og straumstøtta har gitt større tryggleik for at dei kan oppretthalde dette viktige tilbodet lokalt, seier statsråden.
Merkur forvaltar fem støtteordningar på oppdrag for Kommunal- og distriktsdepartementet. 188 distriktsbutikkar fekk tilsegn om til saman 53,8 millionar kroner i støtte i 2022.
For meir informasjon, sjå www.merkur-programmet.no