Stor oppslutnad om samarbeidet om berekraftig skogforvalting i Europa

Statssekretær Wenche Westberg har delteke på ministerkonferansen i Forest Europe i Bonn. Der signerte ho under på ein avtale om å gjera norske skogar meir motstandsdyktige på vegner av landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Alle ministrane som deltok på møtet i Forest Europe 2024 samla
Noreg har delteke i det skogpolitiske samarbeidet i Forets Europe sidan den fyrste konferansen i Strasbourg i 1990. Bildet viser dei frammøtte på møtet. Foto: Forest Europe

På den niande ministerkonferansen i Forest Europe i Bonn skreiv 35 land under på ei ministererklæring om å gjera europeiske skogar meir motstandsdyktige mot klimarelaterte skadar. Det skjedde med støtte frå meir enn 20 observatørgrupper.

– Ministererklæringa dannar eit godt grunnlag for vidare samarbeid om berekraftig skogforvalting i Europa, seier statssekretær Wenche Westberg.

Ministeravgjerda om å jobba for meir klimatilpassa skogar legg grunnlaget for å etablera eit samarbeidsorgan for å utveksla erfaringar og faglege råd for å handtera skogskadar. Etter fleire omfattande klimarelaterte skogskadar i Europa, har dette blir særleg aktuelt.

– Det er et økende behov for samarbeid om klimatilpassing av skogane i Europa, seier Westberg.

Statssekretær Westberg deltok frå Noreg, og signerte dokumenta på vegner av landbruks- og matministeren. Ho deltok i panelet som diskuterte nasjonale erfaringer frå arbeidet med å gjennomføra berekraftig skogforvalting i tråd med dei europeiske kriteria. Ho la særleg vekt på kor viktige dei er og korleis dei utgjer eit felles rammeverk for nasjonal politikkutforming, men at dei nasjonale løysingane òg må tilpassast lokale forhold.

Westberg og Kullgren Petersberg Königswinter Rhinen i bakgrunnen 2024
Statssekretær Wenche Westberg møtte den svenske landbruksministeren Peter Kullgren på ministermøtet i Forest Europe i den tyske byen Bonn. Foto: Landbruks- og matdepartementet

På konferansen blei det også tid til uformelle samtalar med den svenske landbruksministeren, Peter Kullgren, om problemstillingar knytte til norsk-svensk reindrift, forvaltning av rovdyr, EUs avskogingsforordning og beredskap.

Konferansen markerte avslutninga av den tyske formannskapen i Forrest Europe. Formannskapen går no til Sverige.