Statsbudsjettet

Stor satsing på leselyst

Regjeringa foreslår over 20 millionar kroner i statsbudsjettet til å følgje opp tiltak i regjeringa sin leselyststrategi, i tillegg til over 23 millionar kroner frå spelemidlane, som blir utbetalt i haust.

– Demokratiet vårt er avhengig av at vi som bur i landet kan og vil lese. Slik kan vi tileigne oss kunnskap, lære å tenkje kritisk og delta i samfunnet. Lesing er viktig, både for kvar enkelt av oss, men òg for samfunnet. Det er bakgrunnen for at vi no vel å styrke innsatsen for leselyst blant barn og unge, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Leselyststrategien «Sammen om lesing» vart lagt fram i vår av kultur- og likestillingsministeren og kunnskapsministeren. Den inneheld ei rekke tiltak, og Regjeringa foreslår å fordele dei 20 millionar kronene slik:

  • Kulturrådet si skulebibliotekordning - 8,1 millionar kroner:
    Skal bidra til at elevar får betre tilgang til eit variert og aktuelt utval av bøker i skulebiblioteka.
  • Innkjøpsordningar under Kulturrådet - 3 millionar kroner:
    Skal bidra til meir variert og aktuelt utval av teikneseriar og sakprosa for barn og unge i biblioteka.
  • Leseorganisasjonar - 6 millionar kroner:
    Pengane er fordelt mellom Leser søker bok, Foreningen !les og Norsk forfattersentrum. Målet er å bidra til å styrke arbeidet med litteraturformidling for barn og unge.
  • Litteraturhus - 3 millionar kroner:
    Pengane blir fordelte mellom litteraturhusa i Bergen, Fredrikstad, Odda, Oslo, Skien og Trondheim. Tiltaket skal bidra til å styrke arbeidet med litteraturformidling for barn og unge.

I tillegg har kultur- og likestillingsministeren i år sett av 23,3 millionar kroner frå spelemidlane for å følgje opp tiltak i leselyststrategien. Desse blir fordelte i løpet av hausten slik:

  • Kulturrådet si skolebibliotekordning: 5 millionar kroner
  • Kulturrådet sitt arbeid med litteratur på nynorsk, samisk og minoritetsspråk: 2 millionar kroner
  • Den kulturelle skolesekken, litteraturformidling: 8,3 millionar kroner
  • Innkjøpsordningar under Kulturrådet: 3 millionar kroner, fordelt på 1 million kvar til sakprosa, skjønnlitteratur for barn og unge og oversett litteratur
  • Kulturrådet si ordning for litteraturformidling for barn og unge: 5 millionar kroner