Historisk arkiv

Storberget-utvalet overleverer rapport om finansiering av private barnehagar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Korleis bør finansieringa av private barnehagar vere i framtida? Onsdag 16. juni inviterer kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby (V) til pressekonferanse saman med utvalsleiar Knut Storberget.

Nett-tv Storberget-utvalet overleverer rapport om finansiering av private barnehagar

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: Onsdag 16. juni kl. 11.00 – 11.45.

Stad: Kunnskapsdepartementet, Kirkegata 18, OSLO

Pressekonferansen blir strøymd på denne sida. 

Journalistar som vil kome, må melde seg på i løpet av tysdag 15. juni.

Kontakt:

Kommunikasjonsrådgivar Hong Pham, hong.pham@kd.dep.no eller telefon 911 35 990.

Kva er utvalet som Storberget leiar?

Kunnskapsdepartementet oppnemde i februar eit partsamansatt utval med Virke, KS, Private barnehagers landsforbund (PBL), Fagforbundet og Utdanningsforbundet. Utvalet skal greie ut om finansieringssystemet for private barnehagar, og vurdere fordelar og ulemper ved ordninga. Utvalet kjem også med forslag til endringar i regelverket. 

Program:

11.00 – 11.20: Utvalsleiar Knut Storberget presenterer rapporten og forslag.

11.20 – 11.30: Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby kommenterer resultata.

11.30 – 11.45: Pressetid.