Ny koalisjon:
Storbritannia og Noreg skal hjelpe Ukraina med å byggje kyst- og sjøforsvar
Nyheit | Dato: 11.12.2023 | Forsvarsdepartementet
– Storbritannia, Noreg og andre land vil hjelpe Ukraina med å styrke tryggleiken langs kysten og til havs. Ukraina skal få støtte til å byggje ein varig maritim kapasitet, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
I dag offentleggjorde den britiske og den norske forsvarsministeren at Storbritannia og Noreg går saman om å leie den maritime koalisjonen til støtte for Ukraina.
– Eg vil takke Storbritannia for å ha tatt initiativet til å opprette denne koalisjonen, og for å vere vertskap for lanseringa av «Maritime Capability Coalition» her i London i dag. Forsvaret av Ukraina er viktig for euro-atlantisk tryggleik, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram.
Allierte og partnerar har tett dialog om korleis ein kan organisere militær støtte til Ukraina framover. Ulike koalisjonar er etablert for å støtte Ukraina.
– Målet er å utvikle vidare arbeidet som allierte og partnerar gjer for å støtte Ukraina, både på kort og lang sikt. No vil Storbritannia, Noreg og andre land hjelpe Ukraina med å byggje ein varig maritim kapasitet. Dette er eit langsiktig prosjekt og støtta vil krevja mykje arbeid i mange år framover, seier Gram.
Noreg som sjøfartsnasjon kan bidra med maritim kompetanse, nye teknologiske løysningar og nytenking.
– Vi må hjelpe Ukraina i arbeidet med å opne handelsrutar og fri ferdsel i Svartehavet. Vi har mål om å styrke Ukrainas sjøforsvar og forbetre Ukrainas evne til å operere langs eigen kyst. Noreg har gjennomført opplæring av ukrainske soldatar i småbåtoperasjonar og vil kunne byggje videre på denne støtta når dei konkrete planane for videre utvikling er ferdige, seier forsvarsministeren.
Noreg vert med i leiinga av den nyskipa koalisjonen kor fleire land er venta i bli med. Det er etablert ulike kapabilitetskoalisjonar. Dette er ulike spesialiserte undergrupper innafor ulike kapasitetar, som til dømes innan luftvern og det maritime. Målet er å vidareutvikla arbeidet allierte og partnarar gjer for å støtte Ukraina, på kort og lang sikt.
Les meir hos det britiske forsvarsdepartementet: BRITISH MINEHUNTING SHIPS TO BOLSTER UKRAINIAN NAVY AS UK AND NORWAY LAUNCH MARITIME SUPPORT INITIATIVE - GOV.UK (www.gov.uk)