Statsbudsjettet 2025

Store inntekter frå petroleumsverksemda også i 2024

Statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda blir anslått til 680 milliardar kroner i 2024. Desse inntektene går inn i Statens pensjonsfond utland og er forventa å gi om lag 20 milliardar kroner auka handlingsrom i budsjetta framover.

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda: Statens netto inntekter frå petroleumsverksemda blir anslått til 680 milliardar kroner i 2024. Desse midlane går inn i Statens pensjonsfond utland og gir om lag 20 milliardar kroner ekstra handlingsrom i budsjetta framover.

Nedgang i inntekter frå 2023 til 2024: Dei forventa inntektene i 2024 er lågare enn i 2023, då inntektene var på 978 milliardar kroner. Nedgangen skuldast hovudsakleg lågare gassprisar.

Stabil olje- og gassproduksjon: Produksjonen av olje og gass er forventa å vere stabil fram til 2030. For 2024 er produksjonen anslått til 239 millionar standard kubikkmeter oljeekvivalentar.

Betydning for energiforsyning til Europa: Norsk olje- og gassproduksjon er avgjerande for energiforsyninga til Europa, og regjeringa vil halde fram med å utvikle petroleumsverksemda for å vere ein stabil energileverandør.

Store investeringar og høg aktivitet: Investeringane i petroleumsverksemda blir anslått til 254 milliardar kroner i 2024. Desse investeringane bidreg til sysselsetjing og høgt aktivitetsnivå i leverandørindustrien.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av Energidepartementet før publisering.

– Petroleumsressursane tilhøyrer oss alle, og inntektene frå denne verksemda spelar ei avgjerande rolle for finansieringa av velferdsstaten. Gjennom klok og ansvarleg forvaltning sikrar me at desse verdiane kjem både dagens og framtidige generasjonar til gode, seier energiminister Terje Aasland.

Dei forventa inntektene frå petroleumsverksemda i 2024 er lågare enn i 2023, då netto kontantstraum til staten var på 978 milliardar kroner. Nedgangen kjem hovudsakleg på grunn av lågare anslag på gassprisar samanlikna med fjoråret. I tråd med handlingsregelen for budsjettpolitikken gir dei anslåtte petroleumsinntektene for 2024 grunnlag for om lag 20 milliardar kroner auka handlingsrom i budsjetta framover.

Olje- og gassproduksjonen er forventa å halde seg relativt stabil mot 2030. I statsbudsjettet forventar regjeringa at total norsk petroleumsproduksjon i 2024 vil vere 239 millionar standard kubikkmeter (Sm3) oljeekvivalentar, medan produksjonen blir anslått til 243 millionar Sm3 i 2025. Framtidig produksjon gir grunnlag for framleis høge statlege inntekter. I statsbudsjettet er anslaget for netto kontantstraum til staten for 2025 på om lag 643 milliardar kroner.

– Produksjonen frå norsk sokkel bidreg med store mengder energi og spelar ei avgjerande rolle i energiforsyninga til Europa. Me vil halde fram med å utvikle petroleumsverksemda og framleis vere ein stabil og langsiktig leverandør av energi til Europa, seier Aasland.

 

Store investeringar gir høgt aktivitetsnivå

Investeringane i petroleumsverksemda blir anslått til 254 milliardar kroner i 2024. Det inkluderer både nye feltutbyggingar og investeringar på felt i drift. Mange pågåande utbyggingsprosjekt bidreg også til god kapasitetsutnytting i leverandørindustrien, og det er forventa høge investeringar dei neste to åra.

– Utbyggingar på norsk sokkel bidreg til sysselsetjing over heile landet og gjer det mogleg å halde oppe produksjonen på eit høgt nivå fram mot 2030. Det er viktig at næringa byggjer ut alle lønnsame ressursar i porteføljen sin og leitar slik at fleire lønnsame funn kan påvisast og byggjast ut. Leverandørindustrien treng nye oppdrag utover dei neste to åra for å halde oppe eit høgt aktivitetsnivå, seier Aasland.