Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring vert lagt fram fredag 26. mars

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kunnskapsdepartementet

Regjeringa legg fram Fullføringsreforma fredag 26. mars. Statsminister Erna Solberg, kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby og barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad presenterer stortingsmeldinga kl. 12.00.

Nett-tv Stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Om stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring:

Regjeringa varslar med dette den største endringa av vidaregåande opplæring sidan Reform -94. For få fullfører vidaregåande opplæring i dag. Vidaregåande opplæring er ein føresetnad for å ha eit trygt fotfeste i arbeidslivet i Noreg. Med Fullføringsreforma vil regjeringa legge til rette for at fleire skal fullføre og bestå.

I dag er det ein firedel av elevane som ikkje greier å gjennomføre og som derfor står svakt i arbeidsmarknaden. Tida er no inne for å sjå på dei store snublesteinane i systemet, som krav til at alle skal fullføre på same tid og med same innhald, at det ikkje finst gode tiltak for elevar som ikkje har dei faglege ferdigheitene dei treng frå grunnskolen, og at elevar utan læreplass ikkje har eit fullgodt alternativ til å fullføre opplæringa.

Stad

Marmorhallen i Klima- og miljødepartementet, Kongens gate 18. Oppmøtetid: Kl. 11.45. Ta med gyldig pressekort og ID. Pressekonferansen startar kl. 12.00.

Pressekonferansen vert overført direkte på regjeringa.no.

Påmelding og anna informasjon

Påmelding skal skje til ajf@kd.dep.no med "Pressekonferanse VGO" i emnefeltet. Frist for påmelding er torsdag 24. mars kl. 12.00. Du må vere journalist og ha avsendaradresse registrert hos ei mediebedrift eller kunne vise til frilansoppdrag.

Presse som ikkje har høve til å møte, kan sende inn spørsmål til ajf@kd.dep.no med teksten "Spørsmål VGO" i emnefeltet. Spørsmål må vere oss i hende seinast fredag klokka 10.00. Vi kan ikkje garantere at alle spørsmål vert stilt i pressekonferansen.

Videoopptak

Pressekonferansen vert filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til redaksjonar som vil sende pressekonferansen direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønsker å bygge inn nett-tv-sendingen på sine nettsider kan bruke følgende embed-kode:

<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/sfyx3h4b/wowza.js' type='text/javascript'></script>

Pressekontaktar

Pressekontaktar for statsministeren er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Ida Dahl Nilssen, telefon 96 23 72 76, e-post idn@smk.dep.no

Pressekontakt for kunnskaps- og integreringsministeren er kommunikasjonssjef Anbjørg Bakken, telefon 99009260, e-post anbjorg.bakken@kd.dep.no

Pressekontakt for barne - og familieministeren er statssekretær Julie Kristine Kordahl, telefon 90 08 95 28, e-post julie-kristine.kordahl@bfd.dep.no

Tiltak for å hindre smittespreiing

Departementa har innført eigne tiltak for å hindre spreiing blant besøkande og tilsette. Derfor ber vi redaksjonane avgrense oppmøte av journalistar og fotografar til eit minimum.

Ved stor pågang eller endringar i situasjonen kan pressa bli beden om å følge pressekonferansen digitalt.

Folkehelseinstituttet si nettside har meir informasjon om smittevern.