Støtter sivile etter jordskjelva i Afghanistan

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

– Jordskjelva vest i Afghanistan har ramma befolkninga hardt. Vi aukar no Noregs bidrag for å kunne gi livsviktig hjelp til dei som er ramma, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt.

Bilde av mann på toppen av ruiner. Sko og andre eiendeler ligger strødd i ruinene
Røde Halvmåne har sendt fleire mobile helseteam til dei jordskjelvramma områda i Afghanistan. Foto: ICRC Afghanistan

Noreg er ein stor humanitær givar til sivilbefolkninga i Afghanistan.

– Vi bidreg no med 20 millionar kroner til gjennom Røde kors og Røde Halvmåne-rørsla og FNs matvareprogram (WFP). Pengane bidra til livreddande hjelp etter jordskjelva, og til å dekkje det store behovet for mat i Afghanistan, seier Huitfeldt.

Dei overlevande etter jordskjelva treng mat, medisinsk behandling, vatn og husly. Den norske støtta bidreg mellom anna til at Afghanistan Røde Halvmåne har sendt fleire mobile helseteam til dei ramma områda. Behova etter jordskjelva kjem i tillegg til ei pågåande alvorleg humanitær krise i heile Afghanistan. FN anslår at to av tre afghanarar treng humanitær hjelp i 2023. Fleire millionar menneske treng hjelp til heilt grunnleggjande humanitære behov.

– Mi medkjensle går både til dei som har mista sine nære og kjære, og befolkninga elles som allereie er hardt prøvd, seier Huitfeldt.

I tillegg til FN og Røde Kors-rørsla, gjer dei norske humanitære organisasjonane eit viktig arbeid i den pågåande krisa. Det humanitære krisefondet til Røde Kors-rørsla (DREF) har utløyst om lag 9 millionar kroner til livreddande innsats. Noreg er ein av dei største givarane til krisefondet.

Å nå fram med hjelp til kvinner og jenter er ei utfordring i Afghanistan.

– Det er viktig at Taliban tillèt at afghanske kvinnelege tilsette deltek i responsen, ikkje minst fordi mange kvinner og barn er ramma av jordskjelva. Det er nødvendig for å nå kvinner og jenter. Vi følgjer med på om bistanden når fram til dei som treng det mest, seier Huitfeldt.

Noreg har allereie gitt om lag 230 millionar kroner i humanitær hjelp til Afghanistan i 2023, og om lag 530 millionar kroner til grunnleggjande tenester og støtte som bidreg til å redusere dei humanitære behova. Den norske støtta går ikkje til de facto styresmaktene/Taliban.