Strammar inn kontrollen med kompensasjon til fiskeflåten

Regjeringa betrar kontrollen med CO2-kompensasjonsordninga for fiskeflåten.

– Regjeringa aukar tilskotet til CO2-kompensasjon til 500 millionar kroner i 2025, for at fiskeflåten skal få tid til å omstille seg. Da er det naturleg at vi óg stiller høgare krav til kontroll i ordninga, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Alle fartøya som søker kompensasjon for avgift i 2024 må no vere førebudd på å dokumentere drivstoffkjøpa sine. For dei fartøya som kjøper noko av drivstoffet sitt utan avgift, eller med redusert avgift, så må slik dokumentasjon følgje med søknaden. For andre fartøy vil Garantikassa for fiskarar kunne krevje slik dokumentasjon ved etterkontroll.

- Dette gjer me for å få betre kontroll med at det berre er fangst tatt med ordinært avgiftsbelagt drivstoff som ligg til grunn når kompensasjonen vert utrekna, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

- Vi har óg høyrt på innspel frå næringa om at metoden for å rekne ut fartøydelen har vore komplisert og har opna for feilutbetalingar. Den nye metoden blir enklare å kontrollere, seier fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss.

Den nye utrekningsmetoden inneber at om ein fiskar har kjøpt 30% av drivstoffet sitt utan full norsk CO2-avgift, er det berre 70% av fangstverdien hans eller hennar som tel med som kompensasjonsgrunnlag. Denne måten å rekne ut kompensasjonsgrunnlaget på vil gjelde frå og med 2025.