Statsbudsjett 2025

Styrker det statlege eigarskapet i det norske gasstransportsystemet

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Petoro AS med 23 millionar kroner for å styrke ivaretakinga av det statlege eigarskapet i det norske gasstransportsystemet.

– Det norske gasstransportsystemet er heilt sentralt for verdiskapinga på norsk sokkel og energitryggleiken i Europa. Staten ønskjer på sikt eit heilstatleg eigarskap for dei sentrale delane av dette systemet, og Petoro vil vere ansvarleg for å forvalte dette auka statlege eigarskapet. Då er det avgjerande at Petoro har tilstrekkelege ressursar for å gjere dette på ein forsvarleg måte, seier næringsminister Cecilie Myrseth.

Store delar av konsesjonane i gasstransportinteressentskapet Gassled går ut i 2028, og staten ønskjer på sikt eit heilstatleg eigarskap for dei sentrale delane av gassinfrastrukturen. Energidepartementet arbeider no med moglegheitene for auka statleg eigarskap før konsesjonstida går ut i 2028. Petoro AS forvaltar mellom anna dagens statlege eigardelar i gassinfrastrukturen. Denne ordninga vil bli vidareført ved auka statleg eigarskap. På denne bakgrunnen blir det foreslått å auke Petoro si løyving med 23 millionar kroner.

Den norske staten har gjennom Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) betydelege eigardelar i petroleumsverksemda på norsk sokkel. Berre i 2023 var statens inntekter frå denne ordninga på 277 milliardar kroner, og heile SDØE-porteføljen blei i år verdsett til 1 486 milliardar kroner.

–  Regjeringa sitt forslag understrekar betydninga av det norske gasstransportsystemet og bidreg til at Petoro kan fortsette å skape store verdiar som kjem det norske fellesskapet til gode, seier Myrseth.

Petoro AS og SDØE-ordninga 

  • Statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) blei oppretta i 1985.
  • Ordninga inneber at staten deltek som direkte investor i petroleumsverksemda på norsk sokkel.
  • SDØE representerer om lag ein tredjedel av Noreg sine samla olje- og gassreservar.
  • Petoro AS forvaltar SDØE-ordninga, staten sitt mål som eigar er høgast mogleg verdi og inntekt frå SDØE.
Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.