Statsbudsjett 2025
Styrka satsing på gründerar
Pressemelding | Dato: 07.10.2024 | Nærings- og fiskeridepartementet
I statsbudsjettet for 2025 gjer regjeringa framlegg om å forsterke innsatsen for oppstartsbedrifter i heile landet med ytterlegare 52 millionar kroner.
Fleire oppstartsbedrifter skal vekse
– Regjeringa vil leggje til rette for at fleire oppstartsbedrifter skal vekse. Dette gjer vi gjennom ei målretta satsing på finansieringsordningar, nettverk for gründerar og kompetansetenester som styrkar evna til internasjonal vekst. Slik kan vi få fram fleire av ideane som skal ta oss gjennom den grøne omstillinga og sikre vidare vekst og arbeidsplassar i framtida, seier næringsminister Cecilie Myrseth.
Innsatsen inkluderer Innovasjon Noreg sine finansieringsordningar særleg retta mot oppstartsbedrifter og arbeid for å vidareutvikle oppstartsøkosystem i heile landet, samt å byggje opp kompetanse på internasjonalisering og skalering hos oppstartsbedrifter. Satsinga i budsjettet for 2025 kjem på toppen av ein allereie styrkt innsats for oppstartsbedrifter med 70 millionar kroner i 2024. Deler av satsinga skal òg brukas til å styrke Innovasjon Noreg sitt arbeid med å mobilisere og motivere til gründerskap blant kvinner.
– Eg er opptatt av at fleire kvinnelege gründerar skal lukkast med vekstambisjonane sine, og styrker derfor Innovasjon Noreg sitt arbeid med kvinnelege gründerar, seier Myrseth.
Regjeringa tar to hovudgrep
Regjeringa skal i løpet av 2024 lansere ei gründermelding med viktige tiltak som skal sikre framveksten av fleire nyskapande vekstbedrifter. I tillegg legg regjeringa fram forslag om å styrke innsatsen for gründerar med 52 millionar kroner i 2025. Dette følger opp styrkinga frå årets budsjett på gründerar på 220 millionar kroner. Da foreslo regjeringa ei løyving på 220 millionar kroner i ei gründersatsing fordelt med 150 millionar kroner i risikokapital til Investinor og 70 millionar kroner til oppstartsordningane i Innovasjon Noreg.
- Seinare i haust vil eg legge fram den første stortingsmeldinga om gründerar og oppstartsverksemder. Meldinga vil blant anna ta for seg rammevilkår og ytterlegare tiltak for å støtte opp under regjeringa si ambisjon om at Noreg skal være eitt av verdas beste land å starte og drive verksemd i, seier næringsministeren.
Styrke Innovasjon Noregs arbeid og ordningar retta mot gründerar
Midlane skal konkret bidra til:
- å gi fleire gründerar tilgang til tidlegfase finansiering
- auka tilgang til kompetanse og tilrettelegging for skalering, internasjonalisering, og bidra til meir nettverksaktivitet.
- å motivere til gründerskap blant kvinner, gjennom å styrke Innovasjon Noregs arbeid med kompetanse, mobilisering og involvere kapitalmiljø for kvinnelege oppstartsselskap.
Om satsinga
Styrkinga på 52 millionar kroner går til dei ordningane i Innovasjon Noreg som i hovudsak retter seg mot bedrifter med alder inntil fem år, nett fordi dette ofte er den mest risikofylte og avgjerande fasen for om ei bedrift lukkast.
Ordningane har til hensikt å finansiere tidleg marknadsorientering og kommersialisering. I tillegg til ordningar som er særleg retta mot oppstartsselskap og kommersialisering, er andre store ordningar også særleg aktuelle for denne typen bedrifter. Blant anna innovasjonskontraktar, miljøteknologiordninga, innovasjonslån og andre ordningar i Innovasjon Noreg og andre aktørar i verkemiddelapparatet.
Gründerverkemidlane i Innovasjon Noreg veit vi har gode effektar. Gründerverksemder som får støtte av Innovasjon Noreg veks meir enn andre gründerar. Meir enn 1900 verksemder under tre år brukte ein eller fleire tenester frå verkemiddelapparatet i 2023.