Styrkar konsesjonsloven for meir lokalt og nasjonalt eigarskap

Regjeringa har i dag sendt framlegg til endringar i konsesjonslova på høyring. Framlegga gjeld i hovudsak priskontroll på reine skogeigedomar, konsesjon til selskap med avgrensa ansvar og til stiftingar, og uønska tilpasningar til regelverket. Målet er å styrke det lokale og nasjonale eigarskapet, og forvalte jord og skog i et langsiktig perspektiv.

Priskontroll på reine skogeigedomar

Priskontroll på reine skogeiedomar blei oppheva i 2017. Høyringsnotatet inneheld forslag om å gjeninnføre priskontroll på ubygde reine skogeigedomar, og på reine skogeigedomar med meir enn 500 dekar produktiv skog.

– Å gjeninnføre priskontroll på reine skogeigedomar, kan medverke til at ressursane på desse blir i næringa og i lokalt eige. Eg meiner det vil styrke landbruksnæringa, seier landbruks- og matministar Geir Pollestad.

Konsesjon til selskap med begrensa ansvar og stiftelsar

Om lag 80 prosent av søknadane der eit selskap med begrensa ansvar (til dømes aksjeselskap) søkte konsesjon i perioden 2017-2021 blei innvilga. Høyringsnotatet inneheld forslag om å lovfeste vurderingstemaet for når eit selskap med begrensa ansvar kan få konsesjon. Det blir og føreslått at reglane om konsesjon til selskap med begrensa ansvar skal gjelde for stiftelsar. 

– Eg meiner den høge prosenten av konsesjonssøknader frå selskap med avgrensa ansvar som vert innvilga, harmonerer dårleg med regjeringas mål om at landbrukseigedomar i størst mogeleg grad vert eigd av fysiske personar. Å lovfeste vurderingstemaet for når selskap med avgrensa ansvar kan få konsesjon vil gi eit tydlegare og meir brukarvenleg regelverk. I tillegg har me tidlegare flytt oppgåva med å gje konsesjon i desse sakene frå kommunane til statsforvaltaren for å få ein meir lik praksis, seier landbruks- og matminister Geir Pollestad.

Skogbrukslandskap
Skogbrukslandskap. Foto: Steinar Johansen/Statskog

Uønska tilpassing til regelverket

Reglane om priskontroll skal mellom anna bidra til at prisen på ein landbrukseigedom ikkje skal være høgare enn det som reflekterer verdien av eigedomen sitt driftsgrunnlag og den verdien eigedomen har som bustad. Dersom ein kjøpar får avslag på sin konsesjonssøknad fordi prisen er for høg, stengjer ikkje dagens regelverk for at kjøparen overdreg eigendomen vidare på ein måte som kan gi et «indirekte eigarskap», til dømes til ein person i nær familie. Det blir difor og føreslått endringar i konsesjonslova som vanskeleggjer uønska tilpassingar til regelverket.

– Konsesjonslova er viktig for å oppretthalde landbruksproduksjonen og for å ha eit langsiktig perspektiv på bruken av areala. Difor vil regjeringa tette moglegheita til å omgå konsesjonsloven, seier Geir Pollestad.