Styrkar rettane til utsende arbeidstakarar i Noreg
Pressemelding | Dato: 02.11.2022 | Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Arbeids- og inkluderingsdepartementet har vedteke endringar i utsendingsforskrifta, som styrkjer rettane til utsende arbeidstakarar som er på tenesteoppdrag i Noreg i meir enn 12 månader. No vil desse arbeidstakarane bli omfatta av dei aller fleste norske arbeidsrettslege reglar.
– Dette bidrar til å oppfylle regjeringa si målsetjing om at alle som arbeider i Noreg skal ha norske lønns- og arbeidsvilkår, seier arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.
Dei nye forskriftene bidrar også til å klargjere regelverket på fleire punkt, mellom anna i kva tilfelle utsende arbeidstakarar har rett på å få dekka utgifter som oppstår i samband med utsendinga. Det blir også presisert kven som har ansvaret for å sørge for riktige lønns- og arbeidsvilkår når arbeidstakaren blir sendt ut frå eit bemanningsføretak.
Forskriftsendringane som no er vedteke gjennomfører EUs direktiv 2018/957 om endringar i utsendingsdirektivet (96/71/EF) i norsk rett.
Eit viktig føremål med endringsdirektivet er å sikre lik lønn for likt arbeid på same stad.
Det gjev difor større handlingsrom enn før med omsyn til kva lønnsnivå i nasjonal rett som kan gjelde for utsende arbeidstakarar. Tidlegare var dette avgrensa til minimumslønn, men no er minimum-vilkåra fjerna. I Noreg skjer regulering av lønn berre gjennom vedtak etter allmenngjeringslova, og det vil difor vere opp til Tariffnemnda å nytte seg av det utvida handlingsrommet direktivet gjev.
Endringane følgjer også opp om oppmodingsvedtak frå Stortinget om bruk av varslingsreglar i arbeidsmiljølova Reglane som no er vedteke inneber at arbeidstakarane som er utsende til Noreg i meir enn 12 månadar blir omfatta av varslingsreglane) (§§ 2 A-1 til 2 A-5).
Forskriftsendringane vil i all hovudsak tre i kraft 1. januar 2023.