Styrkar sjukehusa sin økonomi for 2022

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

I regjeringa si nysaldering for statsbudsjettet i 2022 blir det foreslått å auke sjukehusa sine budsjett med 2,5 milliardar kroner. Dette blir gjort for å sikre at sjukehusa kan føreta heilt nødvendige investeringar og for å verne psykisk helsevern.

– Det å skjerme velferdsoppgåvene er viktig i krisetider, og med ein vanskeleg økonomisk situasjon tar vi ansvar og bidrar til at det økonomiske resultatet for sjukehusa ikkje får dramatiske konsekvensar, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Grep i nysalderinga

I nysalderinga av 2022-budsjettet har regjeringa derfor berre gjort grep som dei meiner er heilt nødvendige i dagens situasjon. Eit slikt grep er å auka rammene til sjukehusa i inneverande år med 2,5 milliardar kroner.

– Dette vil betre det økonomiske resultatet for helseføretaka i år, og betyr to ting:

  1. Det vil framleis vere rom for heilt nødvendige investeringar og vedlikehald neste år, slik at vår felles helseteeneste framleis kan gi god velferd uavhengig av adresse og lommebok.
  2. Det vil også sette sjukehusa i betre stand til å følge opp prioriterte grupper, og her vil eg særleg trekke fram psykisk helsevern, seier Kjerkol.

Sjukehusøkonomien

  • Sjukehusa har i fleire år hatt positive økonomiske resultat i tråd med det som er nødvendig for å sikre berekraft for viktige investeringar.
  • Alle dei regionale helseføretaka har no negativ økonomisk utvikling og betydeleg svakare resultat i år enn kva som var forventa ved starten av 2022. Det skuldast i stor grad den sterke og uventa prisauken. I tillegg har drifta i sjukehusa også i år vore påverka av pandemien. Forslaget om tilleggsløyving i 2022 vil betre denne situasjonen.
  • Den auka prisauken er ikkje kompensert i 2023-budsjettet, og vil påverke sjukehusøkonomien også i 2023.
  • For å oppretthalde økonomisk kontroll vil det vere nødvendig for dei regionale helseføretaka å vurdere omstillingstiltak. Dei regionale helseføretaka legg no også i svært liten grad opp til vedtak om å sette i gang nye større investeringsprosjekt.

Fordelinga av dei 2,5 milliardane på dei fire regionale helseføretaka:

  • Helse Sør-Øst 1 347,9 millionar kroner
  • Helse Vest 477,4 millionar kroner
  • Helse Midt-Norge 357,6 millionar kroner
  • Helse Nord 317,1 millionar kroner