Styrkar skulebiblioteka i 26 kommunar

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa gir 17 millionar kroner til 26 kommunar som har søkt om tilskot for å styrke skulebiblioteka. – Vi møter skrift overalt, både på skulen, i jobb og på fritida. Det krev gode leseferdigheiter. Å kunne lese godt er avgjerande for å kunna delta i samfunnet. Derfor er det viktig at vi styrkar skulebiblioteka, seier kunnskapsminister Tonje Brenna (Ap).

Målet med tilskotet er at skulebiblioteka skal gje ein arena for leseglede for alle elevgrupper og i alle fag. Midlane skal òg bidra til å styrke arbeidet med lesestimulering og skape ein inkluderande arena, som tek omsyn til dei ulike føresetnadene til barn og unge med innovative og framtidsretta løysingar.

I tillegg skal tilskotet støtte arbeidet med at skulebiblioteka blir brukte systematisk i opplæringa og bidreg til å nå måla i læreplanverket. Dette betyr at midlane òg skal stimulere samarbeidet mellom bibliotekarane og lærarane til skulen.

– Å utvikle leseglede og å vere positivt innstilt til å lese er viktig, fordi vi veit at det å vere motivert for å lese har stor tyding for kor god lesar ein blir. Dei nye læreplanane legg til rette for at elevane utviklar lesekompetansen sin gjennom heile opplæringsløpet. Både leseferdigheiter, lesemotivasjon og det å lære å bruka biblioteket er vektlagt, seier Brenna.

Oversikt over skuleeigarane som får tilskot

Kommuner

Tildeling

Alta kommune

1 500 000

Bjerkreim kommune

210 000

Bømlo kommune

637 000

Drammen kommune

1 622 000

Enebakk kommune

420 000

Grimstad kommune

800 000

Haugesund kommune

1 450 000

Hjartdal kommune

564 240

Hole kommune

204 000

Karmøy kommune

800 000

Klepp kommune

800 000

Larvik kommune

300 000

Levanger kommune

492 570

Luster kommune

190 750

Marker kommune

900 000

Moss kommune

763 000

Nordre Follo kommune

1 050 000

Nordre Land kommune

247 000

Oslo kommune

650 000

Ringsaker kommune

497 500

Skiptvet kommune

712 500

Steigen kommune

500 000

Stord kommune

570 000

Vennesla kommune

750 000

Vågan kommune

70 000

Våler kommune (Viken)

420 000

Sum

17 120 560