Statsbudsjett 2024

Styrker innsatsen på forsking for grøn omstilling i næringslivet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa gjer i statsbudsjettet for 2024 framlegg om å auke løyvinga til næringsretta forsking under Noregs Forskningsråd med over 100 millionar kroner. Auken skal i hovudsak gå til ordninga med innovasjonsprosjekt i næringslivet og til grunnløyving til dei teknisk-industrielle institutta.

– Forsking, utvikling og innovasjon er avgjerande for at norske verksemder skal hevde seg på den internasjonale marknaden, og for at vi skal nå dei ambisiøse klimamåla vi har sett oss. Vi må førebu oss på ei stor omstilling i næringslivet, og regjeringa vil leggje til rette for ei slik omstilling blant anna gjennom styrkt innsats på forsking og utvikling, seier næringsminister Jan Christian Vestre.

Forskingsrådet sine næringsretta ordningar styrker samarbeidet mellom næringsliv og forskingsmiljø. Dette gjer at den grøne og digitale omstillinga går raskare, og medverkar til målet om auka forsking og utvikling i næringslivet.

Satsinga skjer i hovudsak gjennom ordninga for Innovasjonsprosjekt i næringslivet, som har vist gode effektar. I tillegg gjer regjeringa framlegg om å auka grunnløyvinga til dei teknisk-industrielle forskingsinstitutta. Dette gjer at institutta kan jobbe meir saman med verksemder som utviklar teknologi og løysingar der marknaden enno ikkje er så etablert.