Revidert nasjonalbudsjett
Styrker krisesentertilbodet med 16,3 millionar
Pressemelding | Dato: 12.05.2022 | Barne- og familiedepartementet
Regjeringa føreslår å midlertidig auke løyvinga til krisesenter nær asylmottak eller i område der det er venta busetjing av mange flyktningar frå Ukraina.
– Regjeringa ønskjer å ta imot flyktningane frå Ukraina på best mogleg måte. Mange av dei som har flykta kan ha opplevd vald og overgrep. Dei kan vere redde og bekymra for ektefellar og familiemedlemmer som er ramma av krigen. Nokon kan òg ha vanskar med å gje omsorg til eigne barn i ein kaotisk livsfase. Med dette vil krisesentera kunne bidra som ressurs i arbeidet med å følgje opp flyktningar, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Krisesentera sine kjerneoppgåver er å ta imot og hjelpe utsette for vald i nære relasjonar. Krisesentera tar også imot personar som er utsett for menneskehandel.
I samband med den auka tilstrøyminga av flyktningar vil regjeringa løyve totalt 16,3 millionar kroner til 22 krisesenter nær asylmottak eller i områder der det er venta busetjing av mange flyktningar frå Ukraina. Dei vil kunne få ekstra ressursar til oppgåva med å ta imot flyktningar.
– Vi ønskjer å bruke kompetansen krisesentera har i å møte familiar som er i krise. Vi føreslår å løyve midlar til senter som er klare til å ta på seg den oppgåva. Vi ønskjer òg å sikre ei viss geografisk spreiing. Ved å gi enkeltståande tilskot til sentera med kapasitet og behov blir midlane brukt på ein effektiv måte for å hjelpe flyktningar, seier Toppe.
Dette gjeld krisesentera lokalisert i Alta, Arendal, Bergen, Bodø, Bærum, Drammen, Hammerfest, Kristiansand, Lillehammer, Lillestrøm, Molde, Moss, Narvik, Oslo, Sarpsborg, Senja, Stavanger, Tromsø, Trondheim, Tønsberg, Ålesund og Ås.