Statsbudsjettet 2024

Styrker økonomien for kunstnarar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa vil styrke kunstnarøkonomien gjennom å auke løyvingane til kunstnarstipenda og å sikre at kunstnarar får betre betalt når kunsten deira blir vist hos statleg støtta visningsstader.

– Det er krevjande tider, også for kunstnarane våre. Med denne prioriteringa vil vi sikre ein meir stabil og føreseieleg økonomi for fleire kunstnarar, innanfor alle sjangrar. Kunstnarar får ofte ikkje godt nok betalt for den jobben dei gjer. Det vil vi gjere noko med, seier kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery.

Regjeringa vil styrke Statens kunstnarstipend med 20 millionar kroner i 2024 og foreslår mellom anna å opprette 44 nye stipendheimlar. Det vil m.a. gi 37 nye arbeidsstipend og sju nye langvarige stipend. Storleiken på stipenda er òg foreslått auka.

– Når inntektene er lave og økonomien er usikker, risikerer vi at det berre er dei mest privilegerte som vågar å satse på ei karriere innan kunsten. Det vil svekke mangfaldet, kunstens relevans og evna til å spegle befolkninga, seier Jaffery.

Regjeringa tek også eit krafttak for visuell kunst og styrker dei statleg støtta visningsstadane med 15 millionar kroner øyremerkte til vederlag og honorar til kunstnarar.

– Dei statleg støtta visningsstadane skal ha økonomi både til å lage gode utstillingar og sørge for at kunstnarar får rimeleg betaling - utan at det går utover andre oppgåver i institusjonane eller talet på utstillingar innanfor samtidskunsten. Det legg vi no til rette for, seier kultur- og likestillingsministeren.

Med desse satsingane vil regjeringa gi eit løft for kunstnarøkonomien og vidareføre ei sterk statleg finansiering av kunstnarpolitikken.