Styrker sikkerheitspsykiatrien i Helse Nord

Regjeringa foreslår å løyve 200 millionar kroner til Helse Nord for å legge betre til rette for å handtere kapasitetsutfordringane innan sikkerheitspsykiatrien.

– Alle regionar har utfordringar med kapasiteten innan sikkerheitspsykiatrien. Utfordringa er særleg stor i Helse Nord, kor det er vanskeleg å auke kapasiteten utan at det vil måtte gå sterkt ut over tilbodet til andre pasientgrupper. Vi foreslår derfor 200 millionar kroner til å styrke sikkerheitspsykiatrien i Helse Nord, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

Både Universitetssjukehuset Nord-Noreg (UNN) og Nordlandssjukehuset har i periodar vore i ein ekstraordinær situasjon med gul beredskap innan psykiatrien med bakgrunn i kritisk høgt overbelegg innan sikkerheitspsykiatrien.

Sjukehusa og Helse Nord har gjennomført ei rekke tiltak for å auke kapasiteten og finne alternative pasientforløp ved psykisk helse- og rusklinikken ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg og Nordlandssjukehuset. Dei har også fått god bistand frå sjukehus i resten av landet det siste året, men opplever no at denne kapasiteten er kraftig redusert.

Alvorlege konsekvensar

– Svikt i oppfølging og behandling av denne pasientgruppa kan få alvorlege konsekvensar, både for personen sjølv og for andre. Difor er denne bevilgninga naudsyndt, seier Vestre.

Sikkerheitspsykiatri er den delen av psykisk helsevern som behandlar pasientar med aggresjons- eller valdsproblematikk, og er ekstra godt bemanna og har spesiell adgangskontroll med låst dør, og som treng behandling som krev mykje personell. Dei fleste pasientane i sikkerheitspsykiatrien har psykoseproblematikk.

Dei fleste av pasientane er underlagt tvungent psykisk helsevern, eller er på dom til behandling. Dom til behandling betyr at personar som har utført valdshandlingar får behandling i psykisk helsevern som særreaksjon i staden for straff i fengsel.

Fleire blir dømt til tvungent psykisk helsevern

Ved dom til tvungent psykisk helsevern får spesialisthelsetenesta ei plikt til å overta ansvaret for den domfelte. Nokre får ein dom på ubestemt tid i tvungent psykisk helsevern. Talet som blir dømt til tvungent psykisk helsevern er aukande.

Ved årsskiftet 2023/2024 var 368 personar under gjennomføring av dom til tvungent psykisk helsevern. Kapasiteten til behandling i sikkerheitspsykiatrien er på om lag 250 plassar. Dette er den høgaste kapasiteten sidan det blei etablert sikkerheitsavdelingar på slutten av 1980-talet.