Revidert nasjonalbudsjett

Styrker sikkerheitspsykiatrien med 100 millionar kroner

Regjeringa foreslår å løyve 100 millionar kroner ekstra for å styrke kapasiteten ved sikkerheitspsykiatriske avdelingar i sjukehusa.

Forslaget kjem fordi talet på dømte til psykisk helsevern har auka sterkt dei seinare åra.

Mange av desse menneska treng utgreiing og behandling i sikkerheitspsykiatriske avdelingar. Fleire stader er det for låg kapasitet.

Tenestene har betydelege utfordringar med å vareta samfunnsvernet og pasientbehandlinga, utan at det går utover andre pasientar med alvorlege psykiske lidingar.

Betre kapasitet og oppfølging

– Vi foreslår 100 millionar kroner til tiltak som kan bidra til styrka kapasitet ved sikkerheitspsykiatriske avdelingar i sjukehusa og oppfølging av utskrivingsklare pasientar innanfor sikkerheitspsykiatri, seier helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre.

– Dette er noko av det mest målretta vi kan gjere for å førebygge alvorlege valdshendingar.

Støre-regjeringa har prioritert dei med alvorlege psykiske lidingar høgt. I opptrappingsplanen for psykisk helse er oppfølging av dei med store og samansette behov eitt av tre innsatsområde.

Overordna plan

Regjeringa ga i 2022 dei regionale helseføretaka i oppdrag å lage ein overordna plan for sikkerheitspsykiatrien og tiltak for dømte til tvungent psykisk helsevern. Denne blei levert i 2023, og helseregionane har fått i oppdrag å følge opp planen i 2024.

Fleire nye sikkerheitspsykiatriske bygg er under arbeid eller nyleg ferdige. Regjeringa har prioritert å auke kapasiteten for døgnplassar generelt. Det er også ei føring på auka ressursbruk innan psykisk helse.

I 2023 og 2024 har det blitt løyva totalt 260 millionar kroner til å styrke døgntilbodet innan psykisk helsevern, med særleg vekt på barn og unge og dei med alvorlege lidingar.

Fakta om sikkerheitspsykiatri

  • Ved utgangen av 2023 var 368 personar under gjennomføring av ein dom til tvungent psykisk helsevern.
  • I perioden 2017–2023 har det vore ei auke på 26 dommar i året.
  • Mange av dommane er av lang varigheit.
  • Analysar viser at talet på domfelte vil halde fram å auke i åra som kjem.
Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.