Styrking av nordområdepolitikken til regjeringa

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Nordområda er Noregs viktigaste strategiske interesseområde. I tråd med ein endra tryggingspolitisk situasjon i våre nær- og nordområde styrkjer regjeringa den innanrikspolitiske og utanrikspolitiske innsatsen i nordområdepolitikken gjennom ein ny samarbeidsmodell mellom Utanriksdepartementet (UD) og Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD).

KDD vil ha det innanrikspolitiske koordineringsansvaret for nordområdepolitikken, medan UD vil ha ansvar for internasjonale aspekt ved politikken. Som eit ledd i satsinga har UD òg tilsett ein medarbeidar i Tromsø med ansvar for oppfølginga av nordområdepolitikken og Noregs leiarskap i Arktisk råd.

– Utvikling i nord føreset eit godt samspel mellom innanriks- og utanrikspolitikken. UD og KDD samarbeider allereie tett og godt om nordområdepolitikken. Store klima- og miljøendringar og ein forverra tryggingspolitisk situasjon etter Russlands fullskalainvasjon av Ukraina påverkar òg våre nordområde i stor grad. Dette gjer at vi må forsterke den breie nordområdeinnsatsen både i KDD og i UD, seier utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap).

Utanriksdepartementet (UD) har fram til no vore koordinerande departement for nordområdepolitikken til regjeringa. Sentrale oppgåver omfattar koordineringa av nordområderelevante satsingar i statsbudsjettet og samordningsansvaret knytt til omtalen til regjeringa av nordområdesatsinga.

Medan innanrikspolitiske forhold og tiltak har blitt stadig meir sentrale for å nå nordområdepolitiske mål, krev den geopolitiske utviklinga i nord meir innsats frå UD for å vareta det internasjonale samarbeidet. Dette kjem mellom anna av at dei dramatiske klima- og miljøendringane i polare strøk og den forverra tryggingspolitiske situasjonen i nærområda våre har ført til ein stor auke i internasjonal aktivitet og merksemd om Arktis. I lys av dette ser regjeringa behov for å effektivisere ansvarsfordelinga mellom dei to departementa.

– Vi meiner desse grepa vil bidra til å effektivisere og styrke arbeidet med nordområdepolitikken i regjeringa. Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) har allereie eit samordningsansvar for regional- og distriktspolitikken, for regionalt samarbeid over landegrensene i nord og for å samordne innsatsen til regjeringa i Nord-Noreg. Vi får no nye høve til å sjå innanriksdimensjonen til nordområdepolitikken i tettare samanheng med desse ansvarsområda, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).